Stor svikt i talet på passasjerar

God plass på turistferja i sommer

Det er stor vekst i talet på norske passasjer om bord i turistferja mellom Hellesylt og Geiranger. Men det er ikkje nok til å erstatte dei mange tusen utlendingane som vart heime i år.

Avkøyring: Ein ny last med bilar som kjem frå Geiranger køyrer i land på kaia på Hellesylt.   Foto: Terje Engås

Nyheter

Onsdag var John Vonli, dagleg leiar i The Fjords, på tur med ferja "Veøy" på Geirangerfjorden. Han kunne melde om ei to-tredels full ferje. Det meiner han var bra.