Erik Kursetgjerde:

Får støtte på heimebane

Erik Kursetgjerde bør setjast opp på 1. plass på Ap-lista i Møre og Romsdal. Det meiner Sykkylven Industri- og Næringslag (SINL) og LO i Sykkylven.

Politikar: Erik Kursetgjerde - Ap-politikar frå Sykkylven. (Arkivbilde)  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Dei kjem no med denne oppmodinga til valnemnda i Møre og Romsdal Arbeidarparti framfor stortingsvalet neste haust.

– SINL og LO ser det som særs viktig at vi i neste stortingsperiode får inn ein representant frå Sykkylven, og som er genuint interessert i næringslivet og arbeidsplassane i fylket. Sykkylven er ei sårbar kommune med eit næringsliv som i det alt vesentlege er vareproduserande. Store volum skal sendast ut i marknaden og vi er derfor ekstremt avhengig av gode og effektive kommunikasjonar, heiter det i oppmodinga.



Dei legg til at dei ser også kor lett det er å flytte denne type arbeidsplassar utanlands.

– Det er mange tiår sidan Sykkylven hadde ein representant på tinget. Erik Kursetgjerde har gjennom sin posisjon i fylkespolitikken og kontaktar inn mot stortingspolitikarar, bidradd til å løfte fram fleire saker næringslivet i Sykkylven brenn for. Vil berre nemne nokre; betre kommunikasjonar, arbeidsgjevaravgifta, gode rammevilkår, permitteringsregelverket og støtteordningar for nyetablerar.


Jon Aasen etter Bjørdal trakk seg fra Ap-lista:

Mener Ålesund Ap sitter med nøkkelen til nominasjonen etter at ung politiker trakk seg

Arbeiderpartiets nestor i fylket, Jon Aasen, mener det er Ålesund Ap som sitter med nøkkelen til å løse nominasjonsfloken etter at Fredric Holen Bjørdal trakk seg.