Blir sommarhotell på ubestemt tid

Havila Hotel Raftevold stenger dørene og opnar ikkje før i april neste år. – Først og fremst grunna korona, seier hotelldirektøren.

Stengt til april: Havila Hotels og hotelldirektør ved Hotel Raftevold, Anders Aarebrot, har valt å stenge dørene fram til april neste år. Hotellet på Grodås kan bli eit sommarhotell i fleire år framover.  Foto: ROGER OLDEIDE/Fjordingen

Nyheter

(Fjordingen:) Havila Hotel Raftevold stenger dørene i første del av september og vil ikkje opne dørene før i april neste år. I praksis betyr det at hotellet på Grodås blir eit sommarhotell på ubestemt tid.