Framstegspartiet stilte med toppa lag på Hareid fredag:

Dette er Frp sin karantene-plan for å hjelpe næringslivet

Verft på Nordvestlandet har brukt millionar kvar veke for å følgje karantenereglane. No ber Framstegspartiet om at regjeringa legg ein plan for å lette på problemet.

Karantene-plan: Frp-leiar og tidlegare finansminister Siv Jensen presenterte eit stortingsforslag om testing og karantenar på Hareid fredag. Stortinget opnar rett nok ikkje før i starten av oktober, men Frp ønskjer gjerne å sikre seg fleirtal for forslaget før den tid.  Foto: Einar Orten Trovåg

Nyheter

– I ein så internasjonalt orientert bransje som den maritime er det spesielle utfordringar knytt til inn- og utreise. Ein kan i verste fall få doble karantenar i begge endar, sjølv om folk er heilt friske. Det kostar frykteleg mykje pengar. Vi må få kostnadane ned, seier Frp-leiar Siv Jensen.