Spliden om Urke kaihus: – Ein tragedie

Samarbeidet mellom Urke restaurantdrift og kailaget skar seg allereie i 2018. Her er punkta som har splitta.

Er spørjande: Tore Lindbæk forstår ikkje korleis det tilsynelatande fruktbare samarbeidet med Urke kailag kunne skjere seg.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Nyheter

Urke restaurantdrift AS har gjennom dei siste fem åra bygd opp eit tilbod som er i tråd med Ørsta si satsing på reiseliv: Urke kaihus. No vert det likevel brått slutt på samlingsstaden. Drivarane, brørne Tore og Andreas Lindbæk får ikkje forlenga leigeavtalen sin med Urke kailag.