Håper å få liv i laksestammen igjen

Naudhjelp i tolvte time

– Om laksestammen her i elva vert råd å berge, så er det fylkeskommunen og Arnco AS som har æra for det.

I aksjon: Barstad ute i elva, og anviser plass for kampesteinar som skal stagge farta på elva, og slik hindre vidare utgraving.   Foto: Svein Nordal

Dette er eit naudtiltak, og vi håper det berre er første byggjesteg for å få elva meir lakse- og gytevenleg

Idar Barstad
Nyheter

(Møre-Nytt:) Det seier Idar Barstad, som er leiar i Barstadvikelva elveeigarlag. Siste dagane har han assistert Steinar Masdal frå Arnco AS, som har grave ut ein ny, flott gytekulp tre kilometer oppe i elva. Det er også bygt murar som skal hindre at elvebarden rausar ut, pluss at det er gjort nokre tiltak for at gyteplassane ikkje skal bli fylte opp med slam og steinar ved første flaum.