Skisenter råka av korona:

– Mest sannsynleg går vi tom for pengar i løpet av oktober

Covid-19 stoppa inntektene for skisentera i mars og april. Volda skisenter er no i ein vanskeleg økonomisk situasjon og ber om hjelp frå kommunen.

Pandemi-råka: Som fleire andre skisenter i landet har Volda skisenter hatt eit særs krevjande år. Når 2020-snøen endeleg kom, kom også koronapandemien.   Foto: Svein Aam/Møre-Nytt

Nyheter

(Møre-Nytt:) I april hadde leiinga i Volda skisenter møte med Volda kommune. Der vart partane samd om at det årlege støttebeløpet til skisenteret vart betalt ut på forskot i år. Bakgrunnen var for å forbetre likviditeten for Volda skisenter. Etter møtet i april har nyare rekneskapstal kome på bordet som viser at den økonomiske situasjonen har forverra seg. Fram til 31. mai i år hadde Volda skisenter eit negativt resultat på 512.967 kroner. Driftsinntektene var 736.637 kroner lågare enn i same periode i 2019.