Tatt ut i talentprogram

Sunnmøringane Benjamin Bergseth og Mathias Hareide er tatt ut Talent Innlandet, som er Innlandet si nye storsatsing innan kunst og kultur.

Talent: Benjamin Bergseth frå Ulsteinvik (f.v.) og Mathias Hareide frå Hareid er tatt ut i ei talentsatsing. Her saman med Sigurd Zahl Stapnes.   Foto: Fredrik Garshol

Nyheter

Talent Innlandet er eit samarbeid mellom Talent Norge og Sparebankstiftelsen Hedmark. Satsinga tilfører 12,3 millionar kroner til tre nye talentprogram, der Talent Norge vil trekke på gode krefter som ligg i regionen, samt sitt nasjonale og internasjonale nettverk.

Talentprogrammet skal fange opp og gi unge talent sjansen til å utvikle seg, ifølgje ei pressemelding.

Talent Innlandet består av GameLab Hamar, Teater Innlandet UNG og Filmtalent Innlandet.

Dei som er plukka ut i GameLab er Benjamin Bergseth (Ulsteinvik), Sigurd Zahl Stapnes (Vadsø), Vebjørn Netland (Bjørnafjorden) og Mathias Hareide (Hareid).

Programmet er i regi av prisvinnande Hamar Game Lab som har hausta stor anerkjenning både nasjonalt og internasjonalt, og vunne to BAFTA-prisar, heiter det i pressemeldinga.

Talent Norge blei stifta i 2015 med Sparebankstiftelsen DNB, Stiftelsen Cultiva og staten ved Kulturdepartementet som eigarar og representerer i dag talentsatsingar til ein verdi av over 335 millionar kroner. Selskapet skal hjelpe unge menneske med unike kunstnariske evne på vegen mot ei profesjonell karriere.