Vil heller prioritere å få kommunen på rett kjøl:

Frp ut mot ønske om å hente Moria-migrantar til Ålesund

Ålesund kommune har meir enn store nok problem frå før og bør ikkje hente migrantar frå den greske flyktningleiren Moria. Det meiner ein lokal Frp-delegasjon med Sylvi Listhaug i spissen.

Kritiserer Ålesund kommune: Desse Frp-politikarane frå Møre og Romsdal er kritiske til korleis Ålesund kommune blir drive. Det går mellom anna på eit for tungt byråkrati og for dårleg økonomistyring. Å på toppen av alle problema skulle ta imot fleire flyktningar er ikkje rett veg å gå, meiner dei. Frå venstre: Anne Marie Fiksdal (fylkessekretær), Sylvi Listhaug (nestleiar og stortingsrepresentant), Thorbjørn Fylling (gruppeleiar i Ålesund), Håkon Lykkebø Strand (formannskapsmedlem i Ålesund), Frank Sve (fylkesleiar) og Geir A. Stenseth (medlem i fylkesutvalet).  Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

– Sett i lys av situasjonen i Ålesund er det spesielt at ordførar Eva Vinje Aurdal og stortingskandidat Åse Kristin Bakke går ut i media og seier at dei vil hente migrantar til kommunen no, seier Listhaug.