Nonnene i Fjørå klare for vinproduksjon

Målet er å produsere mellom 5.000 og 10.000 flasker vin i året. I neste månad kjem dei første druene til nonneklosteret i Fjørå.

Vinprodusent: Abbedisse Thavoria er prosjektleiar for vinproduksjonen på klosteret i Fjørå. Arkvifoto.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

– Vi skal produsere det som blir kalla levande vin som er utan tilsetning av noko slag. Dette er heilt nytt her i landet, og det skal ligge svært godt til rette for å produsere slik vin her i Fjørå, seier abbedisse Thavoria til Sunnmørsposten.