– Å bidra med midlar til PET-skannar er ein del av samfunns-engasjementet til banken

Glad for alle bidrag: Administrerande direktør i Sparebanken Møre, Trond Lars Nydal, synest det er fantastisk at PET-skannaren er innan rekkevidde.   Foto: Peder Skjelten

Nyheter

30 millionar kroner skal samlast inn for å skaffe PET-skannar på Ålesund sjukehus. 22 millionar kroner har allereie kome inn, der Sparebanken Møre har bidrege med 15. Det er ein del av samfunnsengasjementet til Sparebanken Møre, seier administrerande direktør Trond Lars Nydal.