Se status for smittetilfeller på Nordvestlandet

Et bilde av viruset, som har fått navnet korona på grunn av sin krone-lignende form.  Foto: AP/ NTB Scanpix

Nyheter

Her legger vi fortløpende inn alle meldinger som kommer inn om nye tilfeller av koronasmitte i Sunnmørspostens dekningsområde.

Tysdag 20. april

Pasient ved Ålesund sjukehus har testa positivt på covid-19

Ein av pasientane som var karantenesett etter påvist smitte hos ein tilsett ved Ålesund sjukehus fredag, testa positivt for koronavirus seint måndag kveld.

Smittesporing pågår internt på sjukehuset og i samarbeid med Ålesund kommune.

Ein smitta i Sula etter utanlandsreise

Sula kommune melder tysdag at ein person heimehøyrande i kommunen testa positivt ved innreise til Norge 9. april. Vedkomande har sidan vore følgt opp på isolasjonshotell ein annan stad i landet.

Etter 10 døgn blei personen sendt heim til Sula.

– Personen viser seg truleg framleis å vere smitteførande og sit derfor i isolasjon vidare. Smittesporing er utført og ein nærkontakt er sett i karantene i Sula kommune, skriv kommunen i ei pressemelding klokka 11.19 tysdag.

Gjestearbeidar i Ulstein smitta

Tysdag opplyser Ulstein kommune at ein gjestearbeidar i kommunen har testa positivt for korona. Personen sat i innreisekarantene, og er no overført til isolasjon.

– Ein nærkontakt er overført frå innreisekarantene til smittekarantene.

Vidare skriv kommunen at alle som har testa seg i samband med utbrotet ved Aktiv trening Varleite har avlagt negativt koronatest, og utbrotet ved senteret vert dermed sett på som avslutta.

– Det var to personar som hadde trent ved senteret veka etter påske som fekk påvist smitte, men ingen andre er smitta.

Nytt smittetilfelle i Stryn

Måndag kveld fekk Stryn kommune informasjon om eit nytt smittetilfelle i kommunen. To personar er sett i karantene og ein husstand i ventekarantene.

– Vi fekk òg opplyst måndag kveld at vi har to nærkontaktar til smitta person i Kinn kommune. Husstandane til desse to er sette i ventekarantene fram til svar på testar til nærkontaktane, skriv kommunen tysdag i ei pressemelding.

– Vi opplever vi har god kontroll på begge situasjonane, og dette fører ikkje til ytterlegare tiltak i kommunen på noverande tidspunkt. Vi ønsker framleis å presisere viktigheita av at alle i kommunen held seg heime ved symptom på koronavirus, og testar seg raskt ved symptom.

To nye smitta i Ålesund

Ålesund kommune fekk måndag 19. april melding om to nye smittetilfelle. Det opplyser kommunen i ei pressemelding tysdag kveld.

Smittetilfella er husstandsmedlemmar som er knytta til allereie kjent smitteutbrot. Ein positiv frå hurtigtest og ein frå PCR-test. Kommunen ventar på stadfesting på hurtigtesten.

Vedkommande var allereie i karantene når resultata kom, og det er ingen nye nærkontaktar, skriv kommunen.

Måndag 19. april

Tilsett ved Ålesund sjukehus testa positivt

Helse Møre og Romsdal melder at ein tilsett ved ein klinikk på Ålesund sjukehus har testa positivt på covid-19. Testen blei gjennomført måndag, andre sju tilsette er sett i karantene.

Personen som har testa positivt har fått ein dose av Astra Zeneca vaksina. Den tilsette har hatt pasientkontakt, men har fulgt smittevernrutinane, skriv helseføretaket i ei pressemelding.

- Vi vil tysdag formiddag ta kontakt med dei aktuelle pasientane. Smittevegen er under avklaring, seier smittevernoverlege Jørn-Åge Longva i Helse Møre og Romsdal, og legg til at den tilsette ikkje har vore på jobb etter at symptoma meldte seg.

To nye smittetilfelle i Ørsta

Det er måndag kveld meldt to nye tilfelle av Covid-19 i Ørsta. Dei smitta er sett i karantene, det er ingen nye nærkontaktar, opplyser Ørsta kommune i ei pressemelding måndag kveld.

I veke 16 er det hittil meldt om 2 tilfelle av Covid-19. Det er meldt om 39 tilfelle av Covid-19 totalt i veke 14, 15 og 16. Det har blitt avklart at 3 av desse har bustadadresse i Volda, opplyser Ørsta kommune.

Nytt smittetilfelle i Stad

Måndag fekk Stad kommune melding at ein danseelev ved kulturskulen i Stad, busett i Kinn, har fått påvist smitte av korona ved PCR-test. Eleven deltok fredag veka før på øving saman med 15 andre elevar og to instruktørar. Den smitta er nærkontakt til eit husstandsmedlem som fredag kveld fekk påvist smitte.

Elevane og instruktørane som deltok på øvinga er definert som nærkontaktar. Dei vart testa tysdag og skal halde fram i karantene til måndag 26. april. Husstandsmedlemmane til elevar/instruktørar vert sett i ventekarantene fram til det har kome negativt svar på den første testen.

Søndag 18. april

To smitta i Ørsta

Det vart laurdag kveld meldt eit nytt tilfelle av Covid-19 knytt til Bakk-Ola-marka. Den smitta er sett i isolasjon, og fem nærkontaktar er sett i karantene. Det melder Ørsta kommune.

Søndag er det meldt om enno eit tilfelle. Den smitta bur i same husstand som eit tidlegare tilfelle og var allereie i karantene. Personen er no sett i isolasjon. Det er ingen nye nærkontaktar i dette tilfelle.

Laurdag 17. april

Tilsett ved DPS Volda smitta

Helse Møre og Romsdal opplyser laurdag ein tilsett ved distriktspsykiatrisk poliklinikk i Volda fekk påvist koronasmitte fredag. Åtte tilsette er sett i karantene. Den tilsette som har testa positivt har ikkje hatt pasientkontakt.

– Smittevegen for den tilsette som har testa positivt er kjend, og alle smittevernrutinar er tatt i vare, seier avdelingssjef DPS Sunnmøre Eirik Molvær.

Molvær fortel at i komande veke blir dei konsultasjonane som er fagleg forsvarleg flytta over til telefon og video, slik at hendinga får minst mogleg konsekvens for pasientane. Alle pasientar som dette gjeld vil få beskjed.

Den psykiatriske poliklinikken held til i eit eige bygg, og dermed har ikkje hendinga konsekvens for drifta ved dei andre seksjonane ved Volda sjukehus.

Tilsett ved Ålesund sjukehus smitta

Fredag testa ein tilsett ved klinikk for diagnostikk ved Ålesund sjukehus positivt på Covid-19. Ein tilsett er sett i karantene og ein tilsett er i ventekarantene. Det kjem fram i ei pressemelding frå Helse Møre og Romsdal laurdag føremiddag.

Personen som har testa positivt har fått ein dose av Astra Zeneca vaksina i februar. Den tilsette har hatt pasientkontakt, men har fulgt smittevernrutinane i kontakt med pasientane og tilsette.

– Vi arbeider no med å kontakte dei pasientane som den tilsette har vore i møte med. Det har vi god oversikt over. Smittevegen er under avklaring, seier klinikksjef Ålesund sjukehus Elisabeth Siebke, og legg til at den tilsette ikkje har vore på jobb etter at symptoma meldte seg.

Fem gjestearbeidarar i Ulstein smitta

Ulstein kommune opplyser laurdag kveld at fem gjestearbeidarar har testa positivt for koronaviruset. Dei fem sat i innreisekarantene, men er no overført til isolasjon. Sju andre er sett i karantene.

Nytt smittetilfelle i Hareid

Ifølgje heimesidene til kommunen er det stadfesta eit nytt smittetilfelle laurdag. Den smitta høyrer til husstand der tre andre allereie har vore smitta.

Fredag 16. april

Tre nye positive prøvar i Vestnes

Vestnes kommune melder fredag om tre nye smittetilfelle i kommunen. Det gjeld tre arbeidarar i innreisekarantene ved VARD sin brakkerigg på Trohaugen.

– Dei tre har vore i karantene på Trohaugen etter eit utanlandsopphald. Dei har no flyttet over i dedikerte isolasjonsbrakker, og blir følgd opp av VARD sitt helseteam, skriv kommunen på sine nettsider.

To er busett i Vestnes kommune og ein i Ålesund kommune.

– Arbeidarane kom tilbake til Noreg i same reisefølge, og har alle vore i karantene sidan ankomst. Alle tre har dokumentasjon på negativ test før avreise til Noreg, samt negativ test ved ankomst. Dei vart rutinemessig testa igjen ved dag 7, og desse testane viste no positive testresultat.

– Dei har ikkje vore i butikkar eller i kontakt med lokalbefolkninga. Nærkontaktar og dei som kom i same reisefølge er i karantene og vil bli retesta. Smittesporing er gjennomført.

Koronasmitte på båt – mannskap sett i karantene

Ålesund kommune melder fredag om to nye koronatilfeller i Ålesund og Giske.

Torsdag fekk kommunen melding om at ein av mannskapet på MS «Magne Arvesen» har testa positivt på ein hurtigtest mannskapet tok då båten kom til Ålesund hamn frå Spania, skriv Ålesund kommune i ei pressemelding.

- Den eine smitta blei straks isolert og resten av mannskapet blei sett i smittekarantene. Seinare på kvelden fekk kommuneoverlegen stadfesta gjennom ein ordinær test, at vedkomande, som er heimehøyrande i Giske kommune, er påvist smitta med koronavirus. Mannskapet er sett i smittekarantene, nokre i eigen tilrettelagt bustad og andre på karantenehotell. Dei fleste av mannskapet er heimehøyrande på Sunnmøre. Alle er testa og blir testa igjen etter 7 døgn. Denne smitta er den same smitta som Giske kommune har nemnd på si heimeside.

Kommuneoverlegen har godt samarbeid med reiarlaget Engenes Fiskeriselskap som informerer i eigen pressemelding.

Tre nye tilfelle i Ålesund

Ålesund kommune skriv i ei pressemelding at eit barn som er i karantene på grunn av smitte i familien, har testa positivt for koronavirus. Barnet har ikkje symptom. Det er ikkje fleire nærkontaktar.

Og seint fredag kveld melder Ålesund kommune at dei fredag kveld, 16. april, fekk melding om ytterlegare to nye tilfelle med koronasmitte. Begge dei smitta er definerte som nærkontaktar til tidlegare melde tilfelle. Dei var allereie i karantene og er no i isolasjon. Det er ingen nye nærkontaktar, opplyser kommunen.

Tre nye tilfelle i Ørsta

Ørsta kommune skriv fredag at dei har fått melding om eit nytt tilfelle av covid-19. Husstandsmedlem er sett i karantene og testa i dag. Smittevegen er kjent, skriv kommunen.

Seint fredag kveld kom det melding om tre nye tilfelle av Covid-19 på personar busett i Ørsta. Smittevegen er kjent. Personane har blitt sett i isolasjon. Nærkontaktane er sett i karantene og husstandsmedlemmar i ventekarantene. Det er totalt 14 personar som er definert som nærkontaktar, opplyser Ørsta kommune i ei pressemelding.

Torsdag 15. april

Ålesund: To nye smittetilfelle onsdag

Ålesund kommune har fått meldt om to nye smittetilfelle seint onsdag 14. april. Dei nye smitta er definert som nærkontaktar til tidlegare meldt smitte, og der er ingen nye i karantene. Personane har milde symptom, melder Ålesund kommune i ei pressemelding torsdag.

Onsdag 14. april

Ett nytt tilfelle i Stranda

Onsdag er det registrert et nytt smittetilfelle i Stranda kommune.

Ifølge kommunen satt vedkommende i innreisekarantene, men er nå satt i isolasjon. I tillegg er nærkontakter satt i karantene.

Seks nye smittetilfelle i Ålesund


Ålesund kommune melder onsdag 14.april at dei dagen før fekk inn melding om til saman seks nye smittetilfelle. Fire personar har fått påvist koronasmitte relatert til utbrotet kring Fagerlia videregåande skole. Dei er alle nærkontaktar og i familie med tidlegare smitta og har vore i karantene. Det er ikkje fleire nærkontaktar. Det er så langt ikkje påvist smitte med koronavirus hos fleire elevar.

To personar i familie har testa positivt på hurtigtest, etter at nærkontakt annan stad i landet har fått påvist smitte med koronavirus. PCR-test for stadfesting er tatt. Smittesporingsarbeid er i gong. Smittekjelda er så langt ukjend.

Eit nytt smittetilfelle i Sande

Kommuneoverlegen i Sande melder onsdag om at ein person er smitta av Covid -19. Personen testa seg 12.04. etter innreise til Norge. Den smitta er no i isolasjon og 2 nærkontakter sit i karantene. Vedkomande har tidlegare vore smitta med Covid-19 og dette kan ha gitt utslag på testen. Kommuneoverlegen vurderer at situasjonen er under kontroll, opplyser Sande kommune på sine heimesider.

Tirsdag 13. april

Tysdag kveld: Tre nye smitta i Ørsta

Det vart seint tysdag kveld 13.april meldt om tre nye positive prøver av Covid-19 på personar busett i Ørsta. Desse har fått informasjon og er sett i isolasjon, opplyser kommunen i ei melding til media.

To av desse var frå før i smittekarantene. Det er totalt sju nye nærkontakter som er sett i karantene.

To nye smitta i Ørsta

Ørsta kommune meldte også tidlegare tysdag om to nye tilfelle av Covid-19, eitt vart meldt seint måndag kveld og eitt tysdag. Begge tilfella har tilknytning til utbrotet i Ørsta kommune.

Tre av personane som er registrert som smitta har bustadadresse i Volda kommune.

Ei klasse ved Volda VGS er sett i karantene, og alle i denne klassen har fått beskjed både skriftleg og munnleg, opplyser Ørsta kommune på sine heimesider.

To nye tilfeller i Giske

En person med milde symptomer i Giske kommune har testet positivt på koronavirus. Personen er knyttet til et kjent tilfelle av smitte i Ålesund, og var allerede i karantene.

15 nærkontakter av personen er i karantene. En del av disse bor i Ålesund, så her samarbeider Ålesund og Giske kommune. Foreløpig analyse tyder på at viruset er mutert, men det er usikkert hvilken variant det er, skriver Giske kommune på sine sider.

I tillegg har en person testet positivt på hurtigtest i grensekontrollen. Denne personen er innlosjert på isolasjonshotell.

Fire nye smittetilfelle i Ålesund

Ålesund kommune opplyser at dei måndag 12. april fekk meldt fire nye smittetilfelle:

To personar i familie busett i Sandøy har testa positivt, smittekjelda er kjend frå Austlandet.

Ein person har testa positivt i samband med innreisekarantene. Vedkomande er overført til isolasjon. Det er god kontroll på smittesporinga.

Ein person busett i Ålesund kommune, har fått påvist koronavirus og er i isolasjon. Smittesporing er i gong. Vedkomande har sist veke vore på eit oppdrag for VARD i Tomrefjord, verksemda har av den grunn sett i verk ekstra førebyggande tiltak. I samband med påvist smitte i Giske kommune er yttarlegare ei elevgruppe ved Fagerlia vidaregåande skole i karantene.

To nye smitta i Ulstein

Tysdag melde Ulstein kommune at to nye personar har testa positivt for koronaviruset. Vedkomande var allereie i smittekarantene, og er no overført til isolasjon.

– I det eine tilfellet er der ingen nye nærkontaktar som hamnar i karantene. I tillegg har ein person som var på Aktiv trening på Varleite samstundes med smittetilfellet frå 11. april, testa positivt for korona. Fire personar tilknytt denne personen er overført frå ventekarantene til smittekarantene.

Smittekjelda for dei to smitta på treningssenteret er ukjend, opplyser kommunen.

– Det vert difor oppmoda om at alle som var innom senteret i førre veke, frå og med tysdag 6. april, er raske med å teste seg dersom dei får symptom.

Nytt smittetilfelle i Hareid

Hareid kommune melde tysdag ettermiddag om eitt nytt smittetilfelle i kommunen. Elevane i fyrste klasse på Hareid skule må i ventekarantene ut veka.

– Læraren som var nærkontakt med eit smittetilfelle på treningssenter i Ulstein, har testa negativt på fyrste test, og det er bra. Utfordringa er at andre nærkontaktar til dette treningssentertilfellet har testa positivt. For å vere på den sikre sida, skal fyrste klasse ha heimeskule ut veka. Læraren skal testast igjen på fredag. Forhåpentlegvis vil svaret vere negativt då også, skriv kommunen.

To nye smitta i Fjord

Tysdag fekk Fjord kommune melding om to nye smittetilfelle. Den eine er nærkontakt med tidlegare smitta person og har vore i karantene. Den andre personen har ikkje vore i karantene. Isolering, smittesporing og vidare testing er iverksett, vert det opplyst.

Fjord kommune vidarefører alle smitteverntiltak som vart innført 23. mars.

– Så snart vi har betre oversikt over den sist melde smittesituasjonen, vil kriseleiinga vurdere om vi kan gå inn på dei nasjonale tiltaka som er gjeldande frå og med fredag 16. april.

Mandag 12. april

Eitt nytt tilfelle av koronavirus i Ålesund

Ålesund kommune fekk søndag kveld stadfesta at ein nærkontakt med symptom har testa positivt ved hurtigtest.

– Vi ventar stadfesting av prøven i løpet av dagen. Personen er overført til isolasjon. Vedkomande høyrer til utbrotet kring Fagerlia videregåande skole der til samen fem personar no er smitta, opplyser Ålesund kommune i ei pressemelding måndag.

Til saman 20 elevar og lærarar er i karantene. Smittekjelda er førebels ukjend.

Søndag 11. april

Ny smitta i Ulstein

En person som bor i Ulstein kommune har testet positivt på korona, melder kommunen på egne nettsider. To elever ved barneskolen er nærkontakter, noe som fører til at fjerde trinn ved Ulsteinvik skole, og en åttendeklasse ved ungdomsskolen er i karantene. I tillegg er to treningsgrupper ved Aktiv Trening Valreite i karantene, siden vedkommende var på trening tirsdag og torsdag. To av Hødds fotballag - g13 og g14 - er i ventekarantene.

Smittekilden er ukjent, skriver kommunen.

Lørdag 10. april

Ørsta: Nytt tilfelle

- Vi har fått melding om eitt tilfelle til. Ein person som var i karantene har testa positivt for korona. Smitteveg er kjent og det utløyser ikkje nye nærkontaktar, opplyste kommunelege Marte Vaage Øie under informasjonsmøtet laurdag kveld.

Tre nye smitta i Ålesund

Ålesund kommune fekk fredag kveld meldt om yttarlegare tre nye smittetilfelle med koronavirus. Desse tilfella er knytt til eit allereie kjent utbrot. Nærkontaktane er kontakta og sett i karantene, melder kommunen.

-Vi har eit godt samarbeid med dei smitta som bidreg til smittesporing og kartlegging av nærkontaktar, seier smittevernlege i Ålesund kommune Maiken Talsæte.

-Vi minner alle på å holde på dei gode rutinane: Hald avstand, ha reine hender, bruk munnbind der det ikkje er mogleg å halde avstand og unngå for mange nærkontaktar, seier Talsæte.

Fredag 9. april

Ålesund: Smitte ved folkehøgskule

Ålesund kommune har fredag 9. april fått stadfesta at to personar er smitta med koronavirus ved Ålesund folkehøgskule. Dei aktuelle elevane er sett i isolasjon. Nærkontaktar er sett i karantene og resten av elevane i ventekarantene. Det blir gjennomført testing på skulen på laurdag.

Ørsta: Ytterlegare to nye tilfelle

Ørsta kommune har fredag kveld/ettermiddag fått melding om ytterlegare to tilfelle av covid-19. Dette er nærkontaktar til tidlegare tilfelle, og dei var i karantene.

Sidan tysdag 6.4. er det tatt 1060 koronaprøver i Ørsta og Volda. Det sit omlag 360 nærkontaktar i karantene og enda fleire husstandsmedlem har blitt sett i ventekarantene i påvente av resultat på første test.

Ålesund: Positiv hurtigtest

Ålesund kommune meldte tidlegare fredag om at ein person har fått påvist smitte med koronavirus. No har ein nærkontakt som har lette symptom testa positivt ved hurtigtest. Smittesporingsteamet ventar på stadfesting ved PCR-prøve.

Ei undervisningruppe på 10 personar ved Fagerlia videregåande skole er av den grunn sett i karantene.

Ålesund: Fotballag og trenarar i karantene

Ålesund kommune melder fredag morgon om eit nytt smittetilfelle dei fekk vite om torsdag. Eit fotballag med trenarar er sett i karantene og skal testast, opplyser kommunen i ei pressemelding. Smittesporing er gjennomført. Folk i husstanden knytt til laget er sett i ventekarantene, opplyser kommuneoverlege Aleksander Sommerdalen.

Torsdag 8. april

Tre nye smittetilfelle i Ørsta

Ørsta kommune melder seint torsdag om tre nye smittetilfelle i kommunen. Alle er nærkontaktar av personar som allereie var smitta.

I ei pressemelding skriv kommunen at ein av dei smitta er tilsett på Bakk-Ola-marka. Ein er tilknytt Ørsta opplæringssenter og ei klasse og nokre lærarar der er sett i karantene.

- Smittesporingsarbeidet er no svært omfattande og vi har ikkje rukke å kontakte alle som er sett i karantene. Vi ber om forståing for dette og vil fortsette å ringe i morgon. Vi bed om at alle dei som har fått informasjon om at dei skal i karantene frå arbeidsgivarar, skulen eller trenarar held seg i karantene til vi tek kontakt, skriv kommunen i meldinga.

Det er i alt meldt 21 nye smittetilfelle i kommunen denne veka.


To nye tilfelle i Fjord

Torsdag skriv Fjord kommune på sine nettsider at dei har fått melding om to nye smittetilfelle i kommunen. Begge har vore i karantene og er nære nærkontakter med personar som tidlegare har fått påvist covid19.

Fem nye smittetilfelle i Ørsta

Ørsta kommune melder i 19-tida at dei har fått melding om fem nye koronatilfelle.

- Alle fem er nærkontaktar og var i karantene. Fire er bebuarar og ein er tilsett på Bakk-Ola-marka. Smittesporingsarbeidet held fram og nærkontaktar vil bli kontakta, skriv kommunen i pressemeldinga.

Det har totalt blitt meldt om 18 nye smittetilfeller i kommunen det siste døgnet.


En smitta i Sykkylven

En person fra Sykkylven har testa positivt for koronaviruset onsdag 7. april.

Personen reiste fra Sykkylven mandag 5. april. Positiv test var gjort i utlandet. Nærkontakter er satt i karantene og vil bli testa.


To nye smittetilfeller i Ålesund

Ålesund kommune fekk onsdag meldt to nye smittetilfeller. Ein var i karantene, den andre har vore i sjølvpålagt karantene grunna symptom. Begge har såleis få nye nærkontaktar etter smittesporing.

Smittesituasjonen i Ålesund har avtatt noko siste veka.

Nye smittetilfelle har no generelt færre nærkontaktar enn tidlegare. Det skriv seg nok mykje frå effekten av nye nasjonale og lokale restriksjonar. Ein er likevel spent på effekten av påska. Situasjonen er ustabil og det kan kome nye utbrot i vekene som kjem.

Kommunen oppmodar om at ein bestiller seg koronatest snarleg om ein skulle oppleve luftvegssymptom. Dersom ein avventar testing vil talet på nærkontaktar og risiko for smittespreiing auke. Når smittesporingsteamet kjem tidleg inn, minkar risikoen for større utbrot - og behovet for sosiale restriksjonar, seier kommuneoverlege Aleksander Sommerdalen.

Onsdag 7. april

Ni nye smittetilfelle i Ørsta

Ørsta kommune melder seint onsdag om ni nye smittetilfelle i kommunen. Alle er tilknytte dei fem som kommunen melde om tidlegare onsdag.

Det er i alt meldt 14 nye smittetilfelle i kommunen det siste døgnet. Smittevegen er no kjent, og smitta skriv seg til utbrotet i Herøy og Ulstein kommune. Det melder Ørsta kommune i ei pressemelding.

Dei held fram med smittesporing og ein rekke personar blir sett i karantene. Dette gjeld følgjande:

- Fleire bebuarar og tilsette ved aktivitetssenteret Bakk-Ola-Marka.

- Fleire bebuarar og tilsette ved Ørstaheimen, buavdelinga.

- Elevar i klasse 4A, 4B, 7A og 7B på Velle skule som var på skulen 06.04.

- Elevar i klasse 9A og 9C på Ørsta ungdomsskule som var på skulen 06.04.

- Fleire fotballag som har hatt trening i Kiwihallen 04.04. og 05.04.


- Dei nærkontaktene som ikkje er informert i kveld, vil verte kontakta i morgon. Vi ber om at dei som er varsla om at dei er nærkontakter frå skule, arbeidsstad eller fotballtrening, bestiller seg time til første test i morgon 08.04, skriv kommunen i meldinga.


Eit nytt tilfelle i Stad kommune

Stad kommune melder onsdag kveld om eit nytt smittetilfelle i Selje. Personen blei testa tysdag og har vore i karantene som nærkontakt til ein tidlegare smitta person i same husstand. Det er ingen nye nærkontaktar.

Kommunen skriv på sine sider at dei onsdag kveld har ein fått svar på 46 av 48 prøver tekne på Nordfjordeid tysdag og 14 av 14 prøver tekne i Selje tysdag. Det var altså berre ei positiv prøve.


Tre nye smittet i Ulstein

Tre personer i Ulstein kommune har testet positivt på korona, skriver kommunen på egne nettsider. To av personene har vært i smittekarantene etter å ha hatt nærkontakt med et kjent smittetilfelle i Hareid. Det er ingen nye nærkontakter for disse.

Den tredje personen er trolig smittet fra Østlandet, da personen har besøkt familie der i påska. Også familien på Østlandet har testet positivt, skriver kommunen. To nærkontakter er i karantene - én i Ulstein og én på Hareid.


Tre nye smittet i Fjord

Ordfører i Fjord kommune, Eva Hove, opplyser til Sunnmørsposten onsdag kveld at de har fått bekreftet tre nye smittetilfeller. Disse tre er nærkontakter av tidligere smittede, og satt allerede i karantene.


Fire nye smittetilfelle i Ørsta – aktivitetssenter er råka

Ørsta kommune melder onsdag om fire nye koronatilfelle. Det første tilfellet blei meldt tysdag kveld, onsdag blei det klart at også tre nærkontaktar testa positivt.

Kommunen skriv på sine nettsider at ein av dei smitta er tilsett på aktivitetssenteret Bakk-Ola-marka og ni bebuarar og 11 tilsette er sett i karantene.

- Senteret er stengt for besøk og all aktivitet blir stansa inntil vi har fått meir oversikt over situasjonen. Vi ber om forståing for dette, skriv kommunen på sine nettsider

Ein av dei smitta går på skule i Herøy og Herøy kommune tek seg av smittesporinga der. Herøy kommune har også meldt om dette smittetilfellet på sine nettsider.


Herøy: Skuleelev koronasmitta

Herøy kommune melder onsdag at ein elev ved Herøy vidaregåande har testa positivt på covid-19.

Ifølgje kommunen så har ikkje eleven vore på skulen sidan 25.03.21, og vart sjuk to dagar seinare.

- Det vert i dag gjennomført smittesporingstesting av klassa og relevant personale ved skulen. Alle som er testa i dag skal vere i karantene til testsvar ligg føre, opplyser kommuneoverlege, Bjørn Martin Aasen.

- Eg vil oppmode alle ungdomar som berre har svake symptom på luftvegsinfeksjon om å ta ein test, seier kommuneoverlegen.

17 personar på skulen er testa, det gjeld to lærarar og elevar i same klasse.

- Sjølv om siste kontakt på skulen var for 12 dagar sidan, har vi ut frå gjeldande retningslinjer gjennomført smittesporingstesting og karantenesetting av dei vi har definert som nærkontaktar på skulen. Vi forventar svar på dagens testar i morgon kveld, opplyser kommuneoverlegen.

- Per no er det ikkje grunnlag for ytterlegare tiltak som til dømes testing av alle elevar og tilsette ved skulen, eller stenging av skulen. Elevar og tilsette skal halde seg til dei gjeldande smittevernreglar som gjeld for skulen. Det vert gjort nye vurderingar når testsvar ligg føre.

Skulen held fram med gult nivå i sitt smittevern, og råd og retningslinjer for bruk av handsprit og munnbind er gjeldande som før. Med unntak av dei som er sett i karantene, møter elevar og personalet på skulen som normalt i morgon torsdag.


Ein smitta i Volda

Volda kommune melder onsdag om eit nytt smitetilfelle.

- Vedkomande var nærkontakt til eit smittetilfelle ein annan stad i landet, var i karantene og har ingen nærkontaktar i Volda eller Ørsta kommunar, skriv kommunen på sine nettsider.


To nye smittetilfeller i Ålesund

Ålesund kommune fekk måndag kveld meldt eitt nytt smittetilfelle av korona. Personen er nærkontakt til eit kjent smittetilfelle, og var allereie i karantene då smitta vart påvist. Vedkommande er no i isolasjon.

Seint tysdag kveld fekk kommunen melding om enda eit nytt smittetilfelle. Smittesporing er i gang og nærkontaktar er sett i karantene, melder kommuneoverlege Aleksander Linge Sommerdalen.

Tysdag 6. april

Eitt nytt smittetilfelle i Ålesund

Seint tysdag kveld fekk kommunen melding om enda eitt nytt smittetilfelle. Smittesporing er i gong og nærkontaktar er sett i karantene, melder kommuneoverlege Aleksander Linge Sommerdalen.

Mandag 5. april

To nye tilfelle i Vestnes

Vestnes kommune melder måndag kveld om to nye smittetilfelle. Begge er nærkontaktar til dei fem som fekk påvist smitte søndag. Funna kjem etter at dei måndag har testa 37 nærkontaktar. Alle nærkontaktar til dei to siste smitta er kontakta og sett i karantene, dei vil bli testa tysdag.

Ein ny smitta i Stad

Ein ny person har fått påvist covid-19 etter testing på Nordfjordeid søndag, skriv Stad kommune i ei pressemelding. Smittevegen er kjent og kopla til utbrotet. Nærkontaktar er sett i karantene og vert testa.

Eitt nytt smittetilfelle i Stranda

Måndag 5. april er det bekrefta nytt smittetilfelle av covid-19 i Stranda. Vedkomande høyrer til i same husstand som tidlegare meldt smitta, og det er ingen nye nærkontaktar, ifølgje Stranda kommune si nettside.

Tre nye tilfeller i Ålesund

Søndag kveld fikk Ålesund kommune melding om to nye smittetilfeller. Det opplyser kommunen i en pressemelding mandag. De to personene var allerede i karantene da de var nærkontakter til kjente smittetilfeller. De to utløser ingen nye nærkontakter.

Kommunen fekk måndag kveld meldt eitt nytt smittetilfelle av korona. Personen er nærkontakt til eit kjent smittetilfelle, og var allereie i karantene då smitta vart påvist. Vedkommande er no i isolasjon.

Nytt smittetilfelle i Hareid

Ein person i same husstand som ein tidlegare påvist smitta har no testa positivt på koronaviruset. Det skriv Hareid kommune i ei pressemelding måndag. Personen er sett i isolasjon og nærkontaktar som må i karantene og ventekarantene blir kontakta, skriv kommunen.

Søndag 4. april

Fem nærkontaktar smitta i Vestnes

Fem personar har søndag testa positivt for covid-19, skriv Vestnes kommune på eiga nettside.

Alle fem er nærkontaktar til dei fastbuande som testa positivt for covid-19 laurdag kveld. Smittesporing pågår. Dei smitta har ikkje fått påvist nokon av dei kjende muterte virusvarantane.

Ein ny smitta i Ulstein

Ein person busett i Ulstein har testa positivt for korona. Personen har 13 nærkontaktar som no er sett i karantene, melder Ulstein kommune søndag kveld.

Smittekjelda er førebels ukjent.

Nytt smittetilfelle i Sande

Søndag kveld melder kommuneoverlegen i Sande om eitt nytt smittetilfelle. Den smitta høyrer til i same husstand som ein som har fått påvist smitte tidlegare i veka og som sit i isolasjon. Det er ingen nye nærkontaktar relatert til det nye tilfellet. Det blei teken 12 koronatestar ved Sande legesenter søndag og det nye tilfellet var ein av dei. Det er venta svar på resten av prøvane måndag.

Laurdag 3. april

Fire nye smitta i Vestnes

Vestnes kommune fekk seint i laurdag kveld melding om at fire personar var smitta av covid-19. Det gjeld to fastbuande personar og to tilreisande i innreisekarantene ved Vard sin brakkerigg på Trohaugen, opplyser kommunen.

Bebuarane i Vestnes er knytt til utbrotet i Fjord kommune. Alle nærkontaktar er kontakta og sett i karantene.

Dei to i innreisekarantene testa begge negativt før avreise frå sine heimland, og dei testa negativt ved ankomst til Norge.

To nye smitta i Sula

Sula kommune fekk laurdag kveld melding om to nye smittetilfelle. Dei smitta var nærkontaktar til ein tilreisande frå Austlandet som testa positivt tidlegare denne veka, dei sat derfor allereie i karantene, opplyser kommunen. Ingen nye nærkontaktar er sett i karantene som følge av dei to nye smitta.

Tre nye testa positivt i Ålesund

Laurdag 3. april har Ålesund kommune fått meldt tre nye tilfelle av koronavirus.

  • Eitt tilfelle med importsmitte. Vedkomande har vore i karantene sidan heimkomst, og har ingen nærkontaktar.
  • Ein nærkontakt har fått positiv test etter kontakt med næraste familie der det er påvist koronasjukdom. Vedkomande har vore i karantene, og der er ingen nye nærkontaktar.
  • Eitt nytt tilfelle med ukjend smitteveg. Smittesporing er i gong, og så langt ser det ikkje ut til å vere mange nærkontaktar.

To nye har testa positivt i Giske

Giske kommune melder Laurdag om to nye personar som har testa positivt for Covid-19.

Ein av dei smitta høyrer til det kjende smitteutbrotet og har vore i karantene. Den andre er importsmitte og har vore i innreisekarantene, skriv kommunen.

- Smitten er framleis under kontroll. Det er ingen nye nærkontaktar og dei smitta har berre milde symptom. Personen som har vore i innreisekarantene er flytta til isolasjonsbustad, seier kommuneoverlege Anne-Line Sommerdalen.

Nytt smittetilfelle i Stad

Stad kommune melder om eit nytt smittetilfelle laurdag. Personen som testa positivt vart testa på Nordfjordeid fredag. Vedkomande har allereie vore i karantene, sidan han var nærkontakt av ein som hadde blitt bekrefta smitta tidlegare. - Det er ingen nye nærkontaktar, melder Stad kommune. Dei skriv også at det vart tatt totalt 30 testar på Eid og sju i Selje fredag. Og dette var altså den einaste positive.

Tre nye smitta i Fjord

Ytterlegare tre personar i Fjord kommune har fått påvist koronasmitte. Det melder kommunen på si heimeside laurdag ettermiddag. Kommunen skriv at det ikkje var uventa at dei tre fekk påvist smitte, sidan dei fekk positive svar på hurtigtestane sine i går. Dei tre smitta er nærkontaktar til personar som tidlegare har fått påvist smitte. Alle har vore i karantene.

Fredag 2. april

Fire nye smitta i Ålesund

Ålesund kommune har langfredag fått meldt fire nye tilfelle av koronavirus. Alle fore har vore i karantene og smittevegen er kjend, melder kommunen.

-Smittesporinga har gått greitt for seg. Det er berre nær familie som blir sett i karantene, seier kommuneoverlege Jonas Vegsundvåg.

-Tilfella som er registrert i dag, er alle nærkontaktar tidlegare koronasmitta, seier Vegsundvåg.

Nytt smittetilfelle i Stranda

Fredag 2. april er det bekrefta eitt smittetilfelle av covid-19 i Stranda. Den smitta er sett i isolasjon, og nærkontakter i karantene, melder Stranda kommune. Smittetilfellet er relatert til utbrotet i Fjord kommune.

To nye smitta i Ulstein

Ytterlegare to personar er koronasmitta i Ulstein, melder Vikebladet Vestposten. Dei to er nærkontaktar av ein person som fekk påvist smitte for to dagar sidan. Personane har derfor vore i karantene. No ventar isolasjon.

Torsdag 1. april

Eit nytt smittetilfelle i Sande

Kommuneoverlegen i Sande melder om eit nytt smittetilfelle torsdag.

– Smittekjelda er kjent og relatert til eit smittetilfelle som vart meldt tidlegare i veka. Den smitta sit i isolasjon og smittesporing er fullført. Nærkontaktene har anten allereie testa seg eller skal testast fredag. Vi har førebels ikkje noko informasjon om at dette er eit mutert virus, står det.

Tre nye smitta i Ålesund

Ålesund kommune opplyser torsdag kveld at de har fått melding om tre nye smittetilfeller.

– Alle tre er nære nærkontakter til tidligere smitta, og var alt i karantene. De blir nå overført til isolasjon. Ingen flere blir satt i karantene, heter det.

– 50 personer er nå i isolasjon. Antallet nærkontakter er fallende fordi noen av skoleklassene nå er ute av karantene. Det er ikke påvist smitte hos flere skoleelever inn mot påske, opplyser kommuneoverlege Olav Mestad.

Tre personar koronasmitta i Stad

Stad kommune melder torsdag at to personar er stadfesta koronasmitta i Selje.

– Personane har vore i karantene som nærkontaktar til tidlegare smitta personar innanfor husstandane. Det er ikkje nye nærkontaktar, heiter det.

I tillegg til dette har også ein person fått påvist korona på Nordfjordeid. Ifølgje kommunen har også denne personen vore i karantene som nærkontakt til ein tidlegare smitta. Det er tre nærkontaktar innanfor familien.

Onsdag 31. mars

Eitt nytt smittetilfelle i Ulstein

Herøy kommune melde onsdag kveld at ein person som er busett i Ulstein, men som arbeider i Herøy, har testa positivt for covid-19.

Ifølgje kommunen er smittekjelda identifisert og isolert og skal vere ei forgreining frå eit utbrot ein annan stad i Norge.

Seinare same kveld kom kommunen tilbake med opplysningar om at smittesporinga hadde avdekka 13 nærkontaktar.

– Det er sett opp testing torsdag føremiddag for desse. Nærståande personar til nærkontaktane (same hushald) er sett i ventekarantene til testsvar ligg føre. Ingen av nærkontaktane har oppgitt nokon form for symptom på sjukdom.

Nok eit smittetilfelle i Hareid

Endå ein innbyggar i Hareid kommune har fått stadfesta positiv covid-19-test, melder kommunen på heimesidene sine. Den smitta skal ikkje ha nærkontaktar og ingen personar må i ventekarantene. Smitten skal vidare stamme frå utbrotet i Fjord kommune.

Dette er det andre smittetilfellet i Hareid som blei stadfesta 31. mars.

Tre nye smittetilfelle i Fjord

Fjord kommune melder om tre nye positive prøveresultater onsdag kveld. Dermed er antallet smittede nå oppe i 28. En av dem som testet positivt er ansatt ved Eidsdal skule. Elever og ansatte ved skolen er allerede i karantene. Nå jobber kommunen med smittesporing og testing av nærkontakter. Fjord melder at det blir testing for tilknyttede til Eidsdal skule torsdag.

Nytt smittetilfelle i Sula

Onsdag ettermiddag har Sula kommune fått melding om eit nytt smittetilfelle. Personen er ein tilreisande frå Austlandet som kom til kommunen tidlegare denne veka. Åtte nærkontaktar er sett i karantene, to av desse i Sula kommune.

Nytt smittetilfelle i Hareid

Hareid kommune skriv onsdag føremiddag at dei tysdag fekk stadfesta eit nytt smittetilfelle.

– Det er sannsynleg at personen er smitta ein annan stad i landet, heiter det. Ifølgje kommunen er totalt tre personar sett i ordinær smittekarantene. Av desse bur ein i Hareid og to i Ulstein. I tillegg er sju personar sett i ventekarantene: To i Hareid og fem i Ulstein.

Ni nye smitta i Ålesund

Ålesund kommune melder at dei seint tysdag kveld fekk stadfesta seks nye smittetilfelle. Om desse skriv kommunen følgjande:

  • To personar som har vore i karantene har testa positivt. Desse tilfella er relatert til tidlegare smitteutbrot. Begge er overført til isolasjon.
  • Det er påvist smitte med koronavirus hos to personar. Smittekjelda kjem frå forsvaret. Begge dei smitta er i isolasjon og nærkontaktar er sett i karantene. Det er sett i gang smittesporing relatert til perioden før dei smitta vart sett i karantene.
  • Seint tysdag kveld testa to personar positivt på hurtigtest ved undersøking ved luftvegsklinikken, Ålesund legevakt. Smittesporing er i gang. Prøvane blir stadfesta med pcr test i dag.

– Med dei seks tilfella er det no 50 personar i isolasjon i Ålesund kommune. Omlag 550 personar er i karantene, inkludert skuleklassar ved Blindheim ungdomsskule, Skarbøvik ungdomsskule og Volsdalen barneskule, fortel kommuneoverlege Olav Mestad.

– Smittetala i Ålesund aukar no og det er svært viktig at alle følgjer smittevernreglane i påska, seier han.

Onsdag kveld melder kommunen i ei ny pressemelding at tre nye smittetilfelle er påvist. Desse personane var allereie i karantene og utløyser ingen nye nærkontaktar.

Seks nye smitta i Sande kommune

Kommuneoverlegen i Sande fekk seint tysdag kveld melding om fire nye smittetilfelle i kommuna.

– Smittesporing er i gang og testing av nærkontakter blir gjennomført onsdag klokka 10. Testane blir køyrde til Molde med det same. Dei som blir testa skal vere i karantene. Familien til nærkontaktene held seg i ventekarantene. Desse skal ikkje på jobb/skule eller har anna kontakt med andre inntil negative prøvesvar frå nærkontaktene ligg føre. Vi vil kome med oppdatert informasjon etter kvart, skriv kommunen på heimesida si.

Onsdag kveld blei to nye tilfelle stadfesta.

Tysdag 30. mars

Seks nye smitta i Ålesund

Ålesund kommune har tysdag fått melding om til saman seks nye smittetilfelle.

Ein elev på 8. trinn ved Blindheim ungdomsskole har testa positivt. Vedkomande var allereie i karantene.

Ein person som er på Harøy i lag med familien, har testa positivt for koronavirus. Nærkontaktar er sett i karantene og blir testa i morgon ved Sandøy legekontor.

To personar som blei definerte som nærkontaktar til smitta som kommunen meldte i går, 29. mars, har testa positivt. Påvist smitte fører til at Apotek 1 Amfi Moa Gaard blir stengt til over påske. Kundar som har vore ved apoteket i tida frå 25. mars til og med 29. mars må vere merksame på symptom og ha låg terskel for koronatest.

Seint tysdag kveld fekk kommunen også stadfesta at to personar som kom reisande frå Østlandet har testa positivt. Dei blei tidleg identifiserte som nærkontaktar og har vore i karantene sidan dei kom til Ålesund.

Tre nye smitta i Stad

– Prøvesvar frå måndag viser at to personar i Selje har fått påvist covid-19, melder Stad kommune i ei pressemelding. Dei to har vore i karantene og er nærkontaktar til tidlegare smitta. Ingen av dei to nye smitta har nye nærkontaktar.

Stad kommune kan også melde at ein person på besøk i kommunen har fått påvist viruset etter testing i Selje. Vedkommande testa seg før ei planlagt reise og har truleg blitt smitta utanfor Stad kommune før reisa dit. Personen har tre nærkontaktar i familien.

På Nordfjordeid er det ikkje påvist smitte.

Stad kommune meiner at dei no har god kontroll på utbrotet i Selje.

Nytt tilfelle i Ørsta

Ørsta kommune melder om eit nytt tilfelle av koronaviruset tysdag. Kommunen fekk melding om tilfellet måndag kveld. Vedkommande testa seg ein annan plass i landet og sit no i isolasjon i Ørsta. Det er ingen nærkontaktar i Ørsta og Volda.

Måndag 29. mars

Ein ny smitta i Giske

Det er registrert ein ny positiv koronatest i Giske kommune måndag ettermiddag, opplyser kommunen i ei pressemelding. Personen er ein del av det allereie kjente smitteutbrotet. Det er derfor ingen nye nærkontaktar. Den smitta har milde symptom.

Seks nye smittetilfelle i Ålesund

Ålesund kommune opplyste måndag ettermiddag om tre nye smittetilfelle. Ein person i innreisekarantene vart stadfesta smitta med koronavirus. Vedkomande er overført til isolasjonsleilegheit. To personar testa positivt på hurtigtest ved luftvegsklinikken seint søndag kveld. Begge testane er stadfesta måndag. Smittesporing pågår.

Måndag kveld fekk Ålesund kommune stadfesta smitte hos tre barn og unge som har vore i karantene. Det er stadfesta eit nytt smittetilfelle relatert til utbrotet ved Blindheim ungdomsskole. Vedkomande var allereie i karantene og familien i ventekarantene. Det er til no påvist smitte hos tre elevar ved Blindheim ungdomsskole. Også to personar i familie, som allereie var i karantene, har fått påvist koronavirus. Det er ingen nye nærkontaktar.

Det muterte viruset spreier seg lett, og det er vanskeleg å unngå at fleire i ein familie får overført smitte, seier kommuneoverlege Olav Mestad.

Søndag 28. mars

To nye smittetilfelle i Giske

Giske kommune har hatt to nye tilfelle av koronaviruset i helga. Det skriv kommunen på si heimeside. Dei to positive prøvene er knytt til ungdommar i grunnskulealder ifølgje kommunen.

Nytt smittetilfelle i Fjord kommune

En person har fått påvist koronaviruset søndag. Det melder Fjord kommune i en pressemelding. Personen ble testet i går, men har vært i karantene. Kommunen skriver også at basert på hurtigtestene som ble gjort søndag er det forventet noen positive prøver mandag. Det gjelder personer som er nærkontakter til personer som allerede har vært i karantene.

To smittetilfelle i Ålesund

Søndag formiddag melder Ålesund kommune at de sent lørdag kveld fikk bekreftet ett nytt tilfelle av koronavirus. Den smittede personen har tilknytning til utbruddet på Blindheim ungdomsskole og var i karantene. Søndag kveld meldte kommunen at enda et smittetilfelle relatert til ungdomsskolen var bekreftet.

Lørdag 27. mars

Sju nye tilfeller i Selje i Stad kommune

Sent lørdag kveld er sju nye bekreftet smittet i Selje i Stad kommune. Det opplyser kommunen selv i en pressemelding. Alle tilfellene er forventet og personene har sittet i karantene. Kun to er satt i karantene som følger av smitten, på grunn av samme husstand som en av de smittede.

To nye tilfeller i Giske

Det meldes om to nye bekreftede smitta i Giske kommune lørdag kveld. I ei pressemelding skriver kommunen at begge tilfellene er knytta til ungdomstrinnet på Godøy skole.

- Smittetilfellene blir satt i sammenheng med de fire prøvene torsdag og fredag, skriver kommunen.

Nytt tilfelle i Volda

Fredag kveld fikk Volda kommune melding om et nytt smittetilfelle. Det skal være snakk om en tilreisende person som kom til Volda 24. mars. Det skriver kommunen i ei pressemelding lørdag. Personen testet seg, selv uten å ha symptomer, noe som gjorde at kommunen raskt kunne gå i gang med smittesporing, isolering og karantene.

Ifølge kommunen er smittevegen trolig kjent, men smittesporing pågår.

Fredag 26. mars

Sju nye smitta i Stad kommune

Stad kommune melder om sju nye smittetilfelle fredag kveld. Alle er i Selje.

Seks personar høyrer til to husstandar i Selje. Alle har vore i karantene på grunn av tidlegare påvist smitte hos andre i husstanden, og dei utløyser ingen nye nærkontaktar.

I tillegg har ein person i Selje fått påvist covid-19 etter hurtigtest tatt fredag. Også denne personen har vore i karantene på grunn av tidlegare påvist smitte hos ein annan i husstanden, og det er ingen nye nærkontaktar.

Ti nye smittetilfelle i Ålesund

Ålesund melder seint fredag kveld om ti nye smittetilfelle med korona. Først blei det meldt om sju nye.

Dei smitta er:

  • To som er i familie og ein nærkontakt av ein person med nyleg kjent smitte. - Desse har vore i karantene, men grunna nyleg avdekte smittetilfelle er det følgjeleg ein del nye nærkontaktar. Heile 8. trinn ved Blindheim ungdomsskole er sett i karantene og deira husstandsmedlemmar må i ventekarantene, opplyser Ålesund kommune.
  • Ein elev ved 8. trinn på Skarbøvik ungdomsskole. Heile trinnet er sett i karantene og deira familiemedlemmar må i ventekarantene.
  • Ein nærkontakt knytt til utbrotet ved treningssenteret på Nørve. Personen har vore i karantene.
  • Ein person i innreisekarantene.
  • Ein tilreisande frå Austlandet.

Etter at denne meldinga vart lagt ut justerer Ålesund kommune opp smittetalet: I tillegg til dei sju som er nemnd i punktlista over, har det kome tre tilfelle til:

  • To husstandsmedlemmar av ein person som fekk påvist smitte i dag, har testa positivt for koronavirus.
  • Ein person som har vore i smittekarantene har fått positivt svar og må i isolasjon frå i dag.

Tidlegare fredag kom det melding om tre nye smittetilfelle i Ålesund. Det betyr at det til saman er kome inn 13 nye smittetilfelle fredag i Ålesund.

  • Det er no totalt 44 personar i isolasjon i Ålesund kommune. Smittesporing pågår. Nye tilfelle er isolert og nærkontaktar er varsla om karantene.

16 nye koronasmitta i Fjord

– Vi har fått stadfesta 16 nye positive prøvesvar i ettermiddag, melder Fjord kommune fredag kveld.

Det betyr at det til saman er 22 personar som har fått påvist korona i Fjord kommune. Alle desse personane er nærkontakter og har vore i karantene, skriv kommunen.

Så langt er det ikkje påvist mutert virusvariant. Kommunen har utvida eigen testkapasitet og skal også teste laurdag og søndag.

Sula: Fleire i karantene etter smitte på ungdomsskule

Ein elev ved Sula ungdomsskule har testa positivt for korona, ifølgje informasjon som skulen har sendt ut til heimane.

Dette har ført til at ein skuleklasse med tilhøyrande lærarar er sett i karantene.

Rektor Pål André Holen ved Sula ungdomsskule stadfestar til Sunnmørsposten at opplysninga stemmer.

Sula kommune kom seinare med informasjon om at den smitta er elev på 9. trinn ved Sula ungdomsskule. I alt 25 elevar og 5 lærarar er nærkontaktar og sett i karantene. I tillegg er husstandsmedlemmane til nærkontaktane sett i ventekarantene i påvente av prøvesvar.

Totalt er ein smitta i isolasjon og 46 nærkontaktar sit i karantene.

Kriseleiinga i Sula kommune fatta torsdag 25. mars vedtak om å sette alle barneskulane og Sula ungdomsskule på raudt nivå frå og med fredag 26. mars, ifølgje nettsida kommunen.

Bakgrunnen for vedtaket er smittesituasjonen i Ålesund kommune, samt at kommunen torsdag fekk beskjed om at elevar ved Sula ungdomsskule er sett i karantene.

Tre nye smittetilfelle i Ålesund

To personar i same familie har testa positivt. Begge var i karantene i samband med påvist smitte i familien. Alle er no i isolasjon. Det er ingen fleire nærkontaktar. Smittetilfellet har relasjon til eit av smitteutbrota i Ålesund, ifølgje kommunen.

Ein person testa positivt etter at vedkomande testa seg på grunn av symptom. Smittekjelda er ukjend. Det er få nærkontaktar og oversiktleg smittesporing så langt.

To barn smitta i Giske

Giske kommune melder fredag føremiddag om to nye smittetilfelle. Det gjeld to barn til foreldre som også er smitta. Eit tredje barn avla negativ test, skriv kommunen i ei pressemelding.

Kommunen er no i gang med svært omfattande smittesporing knytt til skulen og barnehagen dei to med positiv test er knytt til, skriv kommunen i meldinga.

Skulen det tredje barnet går på, Godøy skule, er ikkje lenger omfatta av karantene. Ingen av dei smitta er alvorleg sjuke. Dei har ingen eller milde symptom.

Det vert gjennomført testar av alle nærkontaktar til dei smitta i løpet av dagen. Desse vert kalla inn direkte.

- Vi ser at det i dag vert stort press på testkapasiteten vår og smittesporing og vi ber om forståing for at vi i dag må prioritere nærkontaktane til dette smitteutbrotet, seier kommunedirektør Marianne Stokkereit Aasen i meldinga.


Tre nye tilfelle i Fjord kommune

Fjord kommune melder fredag morgon om tre nye smittetilfelle i kommunen, i tillegg til fleire positive hurtigtestar.

Kommunen skriv følgjande på sine nettsider:

- Fjord kommune fekk seint i går kveld stadfesta 3 nye smittetilfelle. I tillegg hadde vi fleire positive hurtigtestar, og forventar at desse blir bekrefta smitta av mikrobiologisk lab i Molde. Vi vil oppdatere når dei endelege prøvesvara er klare.

- Vi har auka testkapasiteten, og i går testa vi like i underkant av 60 stk. Vi kjem også til å teste mange i dag. Vi satsar på brei testing i dagane som kjem for å få god oversikt, og det vil difor også vere muleg å teste seg laurdag og søndag.

Torsdag 25. mars

Fire personar er i ventekarantene på Hareid

Ein person med bustadadresse på Hareid har fått påvist covid-19. Vedkomande oppheld seg ikkje i Hareid kommune no, og sit i isolasjon anna stad i landet, melder kommunen.

Vedkomande har hatt kontakt med fire innbyggarar i Hareid den siste tida. Desse er ikkje definert som nærkontaktar då det var meir enn to døgn sidan siste kontakt og symptoma til den smitta oppstod.

Desse fire er likevel bede om å gå i ventekarantene. Dette er ei frivillig ordning som blir brukt som ekstra sikkerheit. Dei som er i ventekarantene testar seg og kan gå ut av karantenen når dei får negativt svar på denne testen.

Til forskjell må dei som er i nærkontaktkarantene/smittekarantene vere i karantene til dei får negativt svar på andre test etter åtte dagar.


To personar smitta i Giske

Det er stadfesta totalt to koronasmitta i Giske kommune i kveld, det melder kommunen i ei pressemelding seint torsdag kveld.

Dei to er i familie. Det er iverksett tiltak på bakgrunn av at det kan vere fleire smitta i familien. Prøvesvar vil kome fredag. Smittesituasjonen er framleis uklar og smittesporing pågår, opplyser kommunen.

Desse skulane blir stengt fredag: Giske skule, Godøy skule og Alnes skule

I tillegg blir Giske barnehage stengt.

I påvente av prøvesvar blir også enkelte avdelingar og tilsette i desse barnehagane sett i ventekarantene: Daggry barnehage, Tryggheim barnehage, Vigra barnehage og Skjong barnehage Styrarane gir informasjon til dei dette gjeld. Det vert gjennomført omfattande testing fredag, opplyser kommunen torsdag kveld.


Tre nye smittetilfelle Ålesund

Ålesund kommune melder torsdag om tre nye tilfelle av koronavirus. To av dei blei innmeldt onsdag kveld, det siste blei meldt torsdag. Eit av tilfella har ukjent smitteveg.

Slik omtaler kommunen tilfella:

Seint onsdag kveld fekk Ålesund kommune meldt to nye smittetilfelle.

· Ein person som var i smittekarantene har testa positivt. Smittevegen er kjend og er knytt til eit av dei pågåande utbrota.

· Ein person har testa positivt for koronavirus. Smittekjelda er ukjend. Vedkomande har hatt praksis ved Blindheim omsorgssenter. Ei avdeling er sett i isolasjon og bebuarar blir testa. Personale som vedkomande har jobba i lag med, blir sett i karantene og testa i dag. Dei fleste bebuarar og tilsette ved omsorgssenteret er vaksinerte. Det blir innført foreløpig besøksstans ved Blindheim omsorgssenter. Smittesporing er i gang.

· Torsdag er det meld at ein nærkontakt som er i karantene relatert til utbrotet ved NTNU/Family Sport Club Nørve har testa positivt. Ingen fleire nærkontaktar.


Nytt smittetilfelle i Volda

– Volda kommune fekk i dag melding om ei ny positiv koronaprøve. Vedkomande har testa seg pågrunn av symptom og har heldt seg heime i påvente av testsvar. Smittesporingsarbeidet pågår, og nærkontaktar som skal i karantene vil bli kontakta i løpet av dagen. Det er førebels ukjent om dette tilfellet kan ha tilknytning til tidlegare smittetilfelle i Volda/Ørsta kommune, heiter det i ei pressemelding.


Ein smitta i Stryn

Stryn kommune melde torsdag føremiddag at dei kvelden før hadde fått melding om eit nytt tilfelle av koronasmitte i kommunen.

Personen er ein kjend nærkontakt til smitta person på Mo og Øyrane skule i Sunnfjord, skriv kommunen på sine nettsider.

– Eleven har vore i isolasjon sidan han kom til Stryn, og utløyser derfor ingen nye nærkontaktar. Smitten på Mo og Øyrane skule har kjent smitteveg til Stad kommune, skriv kommunen.

Onsdag 24. mars

To nye tilfeller i Selje

I Selje i Stad kommune har to personer fått påvist koronasmitte. Begge er nærkontakter og har sittet i isolasjon, noe som gjør at de ikke utløser nye nærkontakter.

10. trinn i karantene ved Skarbøvik ungdomsskole

Ålesund kommune melder seint onsdag om et nytt smittetilfelle i Ålesund. Som følge av dette er 10. trinn ved Skarbøvik ungdomsskole, pluss ei gruppe ved Ålesund voksenopplæringssenter, satt i karantene. Husstandsmedlemmer til disse er videre satt i ventekarantene.

– Her er det kjent smitteveg. Flere i familien har symptom som kan være Covid-19. Disse blir testa, heter det.

Tre smittede i Fjord kommune

Det er onsdag kveld meldt om tre smittede i Fjord kommune, der kommunen opplyser at de ikke kan utelukke at flere er smitta. Med bakgrunn i dette er Valldal skole og Syltebøen barnehage stengt inntil videre.

Ein person smitta i Herøy

Ein person busett i Herøy har testa positivt for covid-19 etter innreise til Norge. Det opplyser Herøy kommune på sine heimesider onsdag kveld.

Testen vart teken under opphald i karantenehotell den 22. mars. Isolasjon vert gjennomført i samsvar med regelverket. Det er ingen nærkontaktar og såleis har det ikkje vore naudsynt å sette nokon i karantene, opplyser kommuneoverlegen.

To nye smittetilfeller i Ålesund

Onsdag kveld er to personer bekrefta koronasmitta i Ålesund.

Den ene er en lærer ved Borgund videregåande skole.

– Smittekilden er ukjent og vi vil undersøke om det kan være smitte ved skolen, skriver Ålesund kommune.

Som følge av at læreren er smitta er 13 elever satt i karantene. To elever med symptom har ifølge kommunen testa negativt med hurtigtest. Resten av seksjonen – 62 elever, er videre oppfordra til å la seg teste og være i ventekarantene til negativt svar.

– Dette gjør vi for å kartlegge om det kan være villsmitte i denne gruppa på skolen og fordi de har vært i samme skolemiljø, heter det. Ifølge kommunen går Borgund videregåande skole nå over til digital undervisning fram til påske.

Også om den andre personen som er bekrefta smitta heter det at smittekilden er ukjent.

– Det har vært tatt hurtigtest og PCR-test hos tre nærkontakter. Alle tre testa positivt ved hurtigtest, heter det.

Som følge av dette er 6. trinnet ved Volsdalen skole i karantene og husstandsmedlemmene i ventekarantene. Fordi en av de som har testa positivt ved hurtigtest jobber ved Sanitetshjemmet, blir åtte beboere isolert og testa. To kollegaer vedkommende samarbeida med på vakt i helga er også satt i karantene og blir testa.

Student og gjestearbeidar smitta

Ålesund kommune fekk seint tysdag kveld melding om to nye smittetilfelle.

Den eine er gjestearbeidar som er i innreisekarantene i samband med mønstring på båt. Personen testa postivt ved ein rutinesjekk, men har ikkje symptom. No blir vedkommande overført til isolasjon, opplyser kommunen i ei pressemelding.

Den andre er student og er smitta relatert til utbrotet ved NTNU/Family Sport Club Nørve. Personen er nærkontakt til smitta og har vore i smittekarantene. Det er ikkje fleire nærkontaktar.

– Det er så langt ikkje påvist smitte hos nokon av dei elevane som er i karantene ved 3. klasse ved Aspøy skole og 10. klassetrinnet ved Kolvikbakken ungdomsskole. Det er heller ikkje påvist smitte hos nærkontakter ved Fremmerholen barnehage. Elevar ved Aspøy skole har karantene til og med 25. mars, melder kommuneoverlege Olav Mestad.

Tysdag 23. mars

Sju personar har fått påvist covid-19 i Selje

Til saman melder Stad kommune at det er påvist sju nye smittetilfelle tysdag kveld. Alle dei smitta er nærkontaktar i husstandar til tidlegare smitta og alle har vore i karantene.

Det handlar denne gongen om fire nye smittetilfelle i Selje, og tre på Nordfjordeid. På grunn av utfordringar med analysekapasiteten ved Førde sentralsjukehus, vil ein del av resultata frå testing måndag først vere klare onsdag, skriv kommunen i ei pressemelding.