Gir seg etter nesten 22 år som konsernsjef i Ulstein Group:

Dette seier Gunvor Ulstein om si eiga rolle i Ulstein framover

At Gunvor Ulstein går av som øvste operasjonelle sjef i Ulstein Group var ikkje eit val ho tok spontant, men derimot ein del av ein langsiktig plan.

Leiarbyte: Cathrine Marti tek over som konsernesjef i Ulstein etter Gunvor Ulstein. Her er dei fotograferte på taket på Ulstein tysdag ettermiddag.  Foto: Einar Orten Trovåg

Nyheter

– Eg synest det å ha hatt denne rolla i nesten 22 år er ei bragd i seg sjølv, seier Ulstein med eit smil om munnen.