Éin omkom og ein er alvorleg skadd etter ulykka

Politiet melde i 17.15-tida onsdag om at det hadde skjedd ei trafikkulykke i Haddal i Ulstein.

Fleire er frakta til sjukehus etter ulykka. FOTO: JORULF MYRENE 

Nyheter

Skadeomfanget då var uklart, og 15 minutt seinare stadfesta politiet at det var ei alvorleg ulykke. Alle naudetatane rykka ut, og fleire politibilar, ambulansar, luftambulanse og ressursar frå brannvesenet var på staden.

Det var to bilar og fire personar som har var involvert i ulykka, og til Sunnmørsposten seier operasjonsleiar Arild Reite at det skal vere ei front mot front-ulykke der fleire personar blei klemd fast i bilane.

– Fleire personar er frigjort og blir no frakta til sjukehus, seier Reite litt etter klokka 18. Tilstanden til dei involverte var då uavklart.

Luftambulansen er på plass etter ulukka i Haddal. FOTO: JORULF MYRENE 


Ulykka har skjedd på fylkesveg 653 i Haddal, Ulstein kommune. Det er omkøyring for personbilar, medan større køyretøy må ta ferjesambandet Hareid – Sulesund og Solavågen – Festøya. Det er vegtrafikksentralen som opplyser om dette.

  Foto: PRIVAT

Politiet på staden seier til Vikebladet at hovudvegen truleg vil vere stengt i lengre tid, då ulykkeskommisjonen skal undersøke området.

OPPDATERING: – Ein person omkom og to er alvorleg skadd etter ulykka, opplyser politiet klokka 21.30. Den fjerde personen skal vere uskadd. Dei pårørande er varsla, skriv politiet i ei Twittermelding.

Av dei to skadde skal ein mann i 70-åra ha fått alvorlege skader, medan ein mann i 30-åra har moderate skader. Begge to er stabile. Ein gut har fått lettere skader. Det skriv Helse Møre og Romsdal i ei pressemelding i 01.20-tida.

I 01-tida natt til torsdag melde politiet at vegen er opna for normal trafikk.

I dette området skal ulykka ha skjedd.  Foto: Skjermdump Google maps