Arkeologiske undersøkingar på Sula:

Fleire nye kulturminnefunn på Kvasneset

I fjor og i år har det gått føre seg arkeologiske undersøkingar på Kvasneset. Etter fleire nye oldtidsfunn i området kan sluttføringa i reguleringsplanen for det nye reinseanlegget bli utsett i to-tre månader.

Funn av flint Arkeolog Einar Kristensen grev prøvestikk på Kvasnes. Her vart det funnen store mengder flint.  Foto: Aaron Johnston (Møre og Romsdal fylkeskommune)

Det viser berre at her har det vore folk over lengre periodar

Susanne Iren Busengdal
Nyheter

Det komande reinseanlegget for Sula og Ålesund kan bli lagt til Kvasneset. Der er tre alternative plasseringar for anlegget i fjellet per no, men det kan også kome fleire alternativ seinare i utgreiinga. Saka kan få ei avgjersle i 2021.