Haramsøya:

Samanliknar med «fake news»-retorikk

Enkelte forsøker å så tvil om kven som står bak vandalismen på Haramsøya. Byggeleiar Dag Øverås i Norconsult meiner debattklimaet har fått problematiske, amerikanske trekk.

Opptatt av sikkerheita: Det største problemet med hærverket er at det sett liv og helse i fare, meiner byggeleiar Dag Øverås.  Foto: Arfinn Mauren, Aftenposten/E24

Nyheter

Det verserer spekulasjonar og påstandar på sosiale medium om hærverket som er utført på Haramsøya. Skal ein tru nokre av påstandane, har entreprenør Stangeland Maskin (eller medhjelparar) blant anna opna sine eigne dieseltankar, helt sukker i sin eigen sement, øydelagt eigne låsar, trilla stein ut i vegen og forsinka sitt eiget arbeid.