Vikeplikt i bratt vegkryss lagar trøbbel

Den bratte bakken opp frå ferjekaia på Lauvstad i Volda endar i eit vegkryss - med vikeplikt. Det skapar vanskar for mange tunge bilar.

Utfordrande kryss: Her i bakken frå ferkjekaia på Lauvstad og opp mot vegkrysset er det utfordrande for tunge køyretøy når dei må stoppe på grunn av vikeplikt.   Foto: Odd Kåre Mork

Nyheter

– Dei tunge bilane greier ikkje alltid å kome seg vidare etter å ha stansa i bakken på grunn av vikeplikta i krysset. Fleire sklir bakover. Berre den siste veka har eg sett tre trailerar som har fått store problem her. Ein sklei heilt ut av vegen. Ein annan måtte ha kranbil for å kome seg vidare.