Startar chartertrafikk med gammal fraktebåt

«Tennholm» gjekk i fleire tiår mellom Ålesund og Ellingsøya med salt og klippfisk. Til våren blir den gamle fraktebåten charterbåt på Romsdalsfjorden.

Restaurert: MS Johan A. Wiik blei bygd hos Johan A. Wiik båtbyggeri i Vestnes i 1950, med byggenummer 61. Båten er no restaurert og blir turistbåt med plass til 12 passasjerar og eit mannskap på to om bord.  Foto: Privat

Nyheter

Trebåten på 43 fot blei bygd av Johan A. Wiik båtbyggeri Vestnes i 1950. Barnebarnet til båtbyggjaren, Dagfinn Wiik, kjøpte båten tilbake til Vestnes for å drive charterbåt.