Frikjend for erstatningskrav:

Dømd til bot etter kollisjon med vogntog

Ein mann frå Stryn kommune er dømd til å betale 10.000 kroner i bot etter kollisjon med eit vogntog i april 2019. Mannen er frikjent for kravet om å betale erstatning og advokatkostnader til vogntogsjåføren.

Vogntoget køyrde i fjellveggen etter først å ha kollidert med ein personbil som kom over i motsett køyrefelt.   Foto: Bengt Flaten, Fjordingen

Nyheter

(Fjordingen) Ulukka skjedde på ei rett strekning på rv. 15 i Markane 5. april i 2019. Personbilen den unge mannen køyrde kom over i motsett køyrefelt og trefte eit vogntog. Vogntoget køyrde deretter i fjellveggen.