Vatne Dekkservice har utvida med nærare 300 kvm

– Forventar vidare vekst

Meir bilkøyring i 2020 gav meir slitasje på dekk og utskiftingar. For Vatne Dekkservice vart fjoråret godt med mykje arbeid og ferdigstilling av nytt dekkhotell.

Dekkhotell: Harald Vatne og Vatne Dekkservice har utvida dekkhotellet kraftig og lagt bak seg eit godt 2020.   Foto: Joachim Kroken Åsebø/ Møre-Nytt

Nyheter

Møre-Nytt: I november i fjor kunne Harald Vatne og Vatne Dekkservice ta i bruk nesten 300 kvadratmeter med nytt areal. Det som starta som ei binæring for Vatne har etter kvart blitt levebrød og god butikk. I 2019 flytta han bedrifta frå Vatne og til Ørsta sentrum. Dei gamle lokala til Eiksenteret vart raskt for små og utbygging måtte til.