Skiglade gjestar heldt avstand i helga:

– Eg trur vi trefte veldig godt no

Tore Utgård, styreformann i Sunnmørsalpane Skiarena Fjellsetra, er glad for at gjestane tok til seg oppmodinga om å halde avstand til kvarandre i helga som var.

Avstand: Tore Utgård (Sunnmørsalpane Skisenter Arena), Stian Græsdal (Strandafjellet Skisenter) og Ina Eldøy (Stranda Hotel) gjekk sist veke ut med ei oppmoding til gjestane om å halde ein meters avstand til kvarandre, etter at dei hadde opplevd store og tette køer tidlegare i januar (avbilda). I helga vart situasjonen vert teken på alvor, fortel Utgård.  Foto: Tipsar (arkivbilete)

Nyheter

Fredag sist veke gjekk Tore Utgård, Stian Græsdal, dagleg leiar ved Strandafjellet Skisenter, og Ina Eldøy, dagleg leiar ved Stranda Hotel, hardt ut og oppmoda gjestane sine til å halde avstand også i skianlegga.