Fouad og familien vart angripen i eigen heim:

– Ein av dei sette kneet sitt på brystkassa mi så hardt at eg sleit med å puste

Måndag morgon vart ein familie frå Syria, som er busett på Valderøya, utsett for gjengvald. Gjerningsmennene, som truleg var ute etter pengar, oppsøkte feil person. Fem personar er sikta for grov kroppskrenking.

Utsett for vald: Fouad Mohamed Ferhat (25), kjærasten, mor, far og veslebror Ahmed (17) fekk seg eit ordentleg støkk då ei gruppe gjerningsmenn gjekk til åtak på fleire av familiemedlemmane mandag morgon. Motivet skal truleg vere pengar, men gjerningsmennene gjekk laust på feil person.  Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

Det banka hardt på døra til Fouad Mohamed Ferhat (25) og kjærasten klokka 06.30 måndag morgon, som bur på Valderøya i Giske kommune. Vekkarklokka deira hadde så vidt byrja å pipe.