Kartlegging:

Her er det fare for ny storbrann i Ålesund

Faren for ein ny storbrann er høgst reell, og særleg på Klipra og i området ved Molja i sentrum er det behov for tiltak. Det viser ein ny rapport frå brannvesenet.

Tett: Mange stader i Ålesund står trehusa tett i tett. Faren for ein stor områdebrann er reell, syner ny rapport frå brannvesenet. Bildet er frå Steinvågvegen, kor eit hus brann ned laurdag 23. januar.  Foto: Øystein Silde Frønsdal

Nyheter

– I utgangspunktet er faren for storbrann større i dag enn for 120 år sidan, med tanke på mange fleire menneske og meir teknologi som medfører brannfare. Men dette kompenserer vi for med betre ressursar, både til førebygging, oppdaging og sløkking, seier Sindre Egeness, avdelingsleiar førebyggande i Ålesund brannvesen.