Høgskulen: Digitale samlingar fram til påske

Høgskulen i Volda.   Foto: SVEIN AAM, Møre-Nytt

Nyheter

Møre-Nytt: Kriseleiinga ved Høgskulen i Volda har bestemt at alle samlingsbaserte studium framleis skal vere digitale, og dette gjeld førebels fram til påske.

Kriseleiinga har også bestemt seg for å seie nei til alle førespurnader om å leige eller låne lokale på høgskulen. Dette for å avgrense talet på besøkande på høgskuleområdet. Unnataket er lån til aktivitetar for studentar, då det er viktig at studentane har eit sosialt tilbod i ei vanskeleg tid. Og det kan maks kan vere 10 personar samla på eit arrangement.

Studenter om studietiden:

- Lengter tilbake til Campus

Wårinn Nilsen (20) frykter at hun kun får fire timer med undervisning på Campus dette semesteret. Det kan bli en realitet dersom koronarestriksjonene fortsetter.


Dei nasjonale retningslinene seier at berre "nødvendige reiser" skal gjennomførast. Dette vil seie at dei høgskule-tilsette i utgangspunktet ikkje skal reise, heller ikkje innanlands. Unnataket er reiser som er nødvendig for å sikre studentane sin progresjon og læringsutbyte, til dømes i samband med praksis eller eksterne sensoroppdrag. Også slike reiser skal godkjennast av dekan.

Kriseleiinga minner om at det framleis er ei nasjonal tilråding om at tilsette bør nytte heimekontor om det er muleg. Sidan smittesituasjonen er låg i regionen har høgskulen ikkje gitt pålegg om heimekontor og det er lov å kome på kontoret. Tilsette i nokre funksjonar må vere på høgskulen.