Husbygging på dyrka mark skaper trøbbel

– Dette er ei av dei vanskelegaste sakene eg har hatt i mi tid som ordførar. Det seier Stein Aam (Sp) i Ørsta. Politikarane skal avgjere om dei skal tillate bustadbygging på Fremre Mo.

Dyrka mark: Her på Fremre Mo står striden om bustadbygging, eller landbruk. (Arkivbilde)  Foto: Møre-Nytt

Nyheter

Det er behov for fleire sentrumsnære tomter, men organisasjonen Jordvern Møre og Romsdal åtvarar Ørsta kommune mot å leggje ut tomter på Fremre Mo.