Må redusere drifta med 70 millionar kroner:

Foreslår å avvikle 83 institusjonsplassar eller ein heil institusjon

Ålesund kommune skal redusere drifta for helse- og omsorgstenester med 70 millionar kroner i år. Anten må fleire avdelingar ved ulike institusjonar eller ein heil institusjon avviklast.

Skarbøvik sjukeheim: I eitt av alternativa er det foreslått å leggje ned ei avdeling med 20 plassar ved Skarbøvik sjukeheim.   Foto: Staale Wattø

Nyheter

Drifta i helse- og omsorgstenester er allereie redusert med 40 millionar kroner. I 2021 må Ålesund kommune kutte meir, 70 millionar kroner. Det opplyste kommunen i ei pressemelding måndag ettermiddag.