Skulestruktur i Giske:

Ombygging kostar minimum 17,3 mill

To ferske rapportar viser at Giske kommune må punge ut med ei mangedobling av den opphavlege investeringskostnaden for ombygging av Godøy skule og Pyramiden.

Ombygging: Kommunen ville investere tre millionar kroner i ombygginga av Godøy skule og Pyramiden. Prisen kan derimot bli mangedobla, ifølgje to ferske rapportar.  Foto: Marius Simensen

Nyheter

Giske kommune er i ein pressa økonomisk situasjon, med om lag éin milliard kroner i gjeld. I fjor vedtok kommunestyret å endre skulestrukturen for å spare pengar ved å flytte 1.–4. trinn ved Alnes skule til Godøy skule, og elevane ved Godøy ungdomsskule til Valderøy ungdomsskule.