Vil vurdere habiliteten til Ap-politikar på nytt:

Kan bli ny behandling av gondolsaka

Onsdag røysta kommunestyret i Sula mot at Flakk Gruppen får greie ut ei gondolbane over Bjørkhaugen. Men det er ikkje sikkert siste ord er sagt i saka likevel.

Er han habil? Under dag to av kommunestyremøtet i Sula stilte Frp spørsmål om Trygve Holm (Ap) er habil i gondolsaka. Holm er stefar til ei som bur under der gondolbana er teikna inn. Eller som Holm sjølv seier det: Han er gift med mora til kvinna.  Foto: Mona Skjong (arkivfoto)

Nyheter

– Vi kjem mest sannsynleg til å sende inn lovlegheitskontroll av habiliteten til Trygve Holm, seier Øystein Båtnes til Sunnmørsposten.