Politiet stansa livssynsarrangement:

– Deltakarane var fordelt på fleire rom

Til vanleg er det færre enn ti personar på fredagsbøna i Volda-Ørsta Islamsk Senter. Dei 23 deltakarane som dukka opp til bøn langfredag var ikkje samla i eit og same rom, understrekar leiar Saeed H. Mahmood.

Saeed H. Mahmood er leiar i Volda-Ørsta Islamsk Senter.   Foto: Privat:

Nyheter

Politiet stoppa langfredag eit arrangement i regi av Volda-Ørsta Islamsk Senter, stadfestar leiar Saeed H. Mahmood på telefon frå Stavanger. Han var ikkje sjølv til stades på fredagsbøna i Volda, der 23 deltakarar var samla.