Bedrifter i Giske stilte opp for dei evakuerte

Dei evakuerte nederlandske og fillipinske sjøfolka hadde ikkje anna enn redningsdrakta dei gjekk i då dei kom til Giske. Lokale bedrifter stilte seg til disposisjon då varaordføraren ringte og bad om hjelp.

Hotellsjef: Per Ståle Dyb seier at sjøfolka kan vere på hotellet så lenge det trengst.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Elleve nederlandske og filippinske sjøfolk, er innkvartert på Aalesund Airport Hotel på Valderøya. Ein tolvte vert i skrivande stund tatt hand om på Ålesund sjukehus.