Fryktar historias verste miljøkatastrofe ved Runde

Situasjonen med det drivande frakteskipet kan i verste fall utarte til den verste oljekatastrofen vi nokon gong har sett i Norge. Det meiner Nils Roar Hareide ved Runde Miljøsenter.

Uroa: Nils Roar Hareide håpar på å snart kunne puste letta ut. Inntil vidare kan han ikkje utelukke ei gigantisk miljøkatastrofe ved Runde.  Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

– Eg er veldig uroleg så lenge situasjonen ikkje er under kontroll, seier dagleg leiar Nils Roar Hareide ved Runde miljøsenter til Sunnmørsposten.