Lettare skadd etter ulykke på lasteskip

Mannen som blei send til sjukehus under bergingsaksjonen på «Eemslift Hendrika» måndag, er lettare skadd.

Arbeidsulykke: Åtte personar blei berga i land, medan fire av mannskapet blei igjen for å prøve å få skipet på rett kjøl igjen, etter at . Ein av desse blei skadd og send til Ålesund sjukehus for behandling måndag.  Foto: HRS/redningshelikopter

Nyheter

Helse Møre og Romsdal opplyser at ein mann i 50-åra er lettare skadd etter arbeidsulykke på Mørekysten måndag.

Ifølgje meldinga ligg mannen på intensiven ved Ålesund sjukehus.

Han har lettare skade og tilstanden er stabil.

Lasteskipet «Eemslift Hendrika» fekk problem i Norskehavet måndag. Skipet fekk kraftig slagside etter at lasta flytta på seg. Mannskapet på tolv blei berga i land, medan skipet driv mot land utan motorkraft.

NTB skriv at skipet ved 4-tida tysdag låg rundt 70 nautiske mil nordvest for Ålesund – rundt 130 kilometer. Skipet driv sørover med ein fart på 2–3 knop.


Video fra evakuering av mannskapet fra «Eemslift Hendrika». Cirka kl 1200 ble åtte av mannskapet evakuert til land av redningshelikopter Florø. Ca kl 2010 ble de resterende fire heist opp av SAR Tampen etter å ha måtte hoppe i sjøen.



Lasteskip i drift kan treffe kysten onsdag

Om ikke bergingsmannskap får sleper om bord i det drivende skipet utenfor Sunnmøre, kan det grunnstøte onsdag. Men Kystverket tror det blir berget før den tid.