Får likevel behandling – feira vedtak med sjampanje

Personar med den sjeldne augesjukdommen Retinitis Pigmentosa skal likevel få behandling i Norge. Det vart vedteke måndag. Torger Inge Sætre i Sykkylven feira vedtaket med sjampanje. I Straumgjerde vart det kake på vesle Ulrik Fure.

Sykkylven: Torger Inge Sætre er ein av tre i Sykkylven som har den sjeldne augesjukdommen Retinitis Pigmentosa.. (Arkivbilde)   Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

– Mamma har allereie hengt opp flagget, og no skal sjampanjen fram frå kjøleskåpet, seier Torger til Sunnmørsposten.