Tilfeldig møte på gata enda med kraniebrot og kunstig koma

– Hadde eg blitt liggande i 20 minutt til hadde eg vore død

Vald: Hamnegata i Volda var avstengt i fleire timar etter valdshendinga i oktober.   Foto: SVEIN NORDAL/ Møre-Nytt

Nyheter

Møre-Nytt: Like over midnatt natt til laurdag 3. oktober i fjor skjedde det ei valdshending i Hamnegata i Volda. Ein mann vart slått fleire gongar i hovudet og kroppen. Han fall bakover og slo hovudet mot asfalten. Fleire brotskadar og blødingar i hjernen var skader som mannen fekk.