Markerte frigjeringsdagen

Det har vorte ein tradisjon at Ulstein mannskor markerer frigjeringsdagen 8. mai. Også i år var markeringa på plassen ved Ulstein rådhus, der bysta av krigsveteranen Ragnar Ulstein vart avduka for fem år sidan.

Appell: Anders Ulstein heldt appell ved bysta av faren, Ragnar Ulstein, då frigjeringsdagen vart markert i Ulsteinvik laurdag.  Foto: LINDA EIKREM/VIKEBLADET VESTPOSTEN

Nyheter

(Vikebladet Vestposten): Koret møtte mannsterkt opp og fekk opphaldsvêr under heile markeringa. Formann Otto Johan Botnen fortalde dei mange frammøtte at koret sette pris på å møtest, sidan det hadde vore lite av det i koronaåret.