Onsdag hyler sirenene

Testar flodbølgevarslinga

Onsdag 12. mai mellom klokka 12 og klokka 14 vil Åknes/Tafjord Beredskap IKS (ÅTB) teste varslingssystema sine.

Test: Onsdag vil sirenene hyle i bygdene rundt Storfjorden. Då skal beredskapen testast ut. (Illustrasjonsfoto) 

Nyheter

Åknes/Tafjord Beredskap IKS (ÅTB) har på vegner av kommunane langs Storfjorden ansvaret for befolkningsvarslinga ved ei eventuell fjellskredhending. ÅTB skal no teste systema, som er ein del av fjellskredberedskapen til kommunane.

Det varslar dei på heimesidene sine.

Melding på telefonen

Dette vil innebere at om du har registrert telefon på ei adresse i, eller oppheld deg i ein kommune ved Storfjorden, vil du få ei melding eller oppringing til telefonen din.

I tillegg vil du kunne høyre at sireneanlegga rundt fjorden blir testa. Dette gjelde sireneanlegg i Stranda, Fjord kommune, delar av Ålesund kommune, samt delar av Sykkylven kommune.

Det vil vere mogelegheit for å gi ÅTB tilbakemelding om testen gjennom ei spørjeundersøking. Denne finn ein også på www.aknes.no.

Fortel barna om testen

Åknes/Tafjord Beredskap oppfordrar folk til å informere barna om denne testen på førehand.

Kommunane rundt Storfjorden er opptatt av å ha ein god beredskap dersom det skulle oppstå ei naturkatastrofe, og det er derfor viktig å teste systema. Vi håpar alle innbyggjarane har forståing for dette, legg selskapet til.

– ÅTB vil poengtere at det ikkje er noko endring bevegelsane i fjella. Og at geologane vil kunne varsle i god tid før et eventuelt ras blir utløyst, er den roande meldinga frå Åknes/Tafjord Beredskap.