Vil unngå farlege trafikksituasjonar når bilar køyrer på land frå ferjene i sambandet Hareid - Sulesund:

– Vi må vite meir for å skape forståing og tolmod

Som reisande over sambandet Hareid-Sulesund gjennom mange år har Pergunn Rødseth Gjerdsbakk undra seg over at det ser ut til at store lastebilar ofte får køyre av ferja før personbilane – og at det dermed kan oppstå farlege trafikksituasjonar.

Spørjande: Pergunn Rødseth Gjerdsbakk har reist mykje over sambandet Hareid – Sulesund gjennom åra – og likar ikkje situasjonane som kan oppstå når store lastebilar får køyre av ferja før personbilane. Til dømes heseblesande forbikøyringar oppover Hareidsdalen. – Eg er ikkje ut etter å arrestere nokon, men heller stille spørsmål rundt vurderingane som blir gjort, seier Gjerdsbakk.   Foto: OLE-OTTAR KARLSEN HØGSTAVOLL, Vikebladet Vestposten

Nyheter

(Vikebladet Vestposten): – Eg ønskjer at det vert sett fokus på kva vurderingar som ligg bak når tungtrafikk køyrer fyrst av ferja. Har det samanheng med for eksempel vektfordeling på ferja når den ligg til kai og eventuelt kvifor vert den vurderinga gjort på akkurat dette sambandet når ein ser at det på andre samband ikkje vert løyst på same måte? Eg er ikkje ute etter å arrestere nokon – men heller stille spørsmål rundt vurderingane som blir gjort, seier Pergunn Rødseth Gjerdsbakk til Vikebladet Vestposten.