På Giske avlyser dei ikkje:

Heilt nytt og koronatilpassa spel

På Giske lar dei seg ikkje stoppe av viruset. No er det snart klart for koronaversjonen av Giskespelet.   

Historietime: Arne Tunheim, Eldrid Schrøder Kvalvik og Britt Giske Andersen inviterer til ei visuell historieforteljing i amfiet på Giske.   Foto: Anne Marthe Vestre Berge

Nyheter

– Styret hadde eigentleg bestemt å avlyse spelet i år, men vi møtte motstand då vi kalla saman til eit møte i oktober, fortel Arne Tunheim – mangeårig leiar for spelstyret.