Støttar oppropet i gamle Haram:

Sentrale politikarar vil ha folkerøysting om lausriving

Bør det haldast folkerøysting i gamlekommunane om dei skal gå ut av nye Ålesund kommune? Ja, meiner fleire sentrale politikarar i dagens kommune.

Vil ha folkerøysting: Kirsti Dale i Senterpartiet.  Foto: Marius Simensen (arkivfoto)

Nyheter

– Eg ser for meg folkerøystingar etter valet. Det må gjelde alle dei gamle delane av kommunen som ønskjer det, også gamle Ålesund, seier Kirsti Dale.