Uheldig start for syklistane frå Ørsta

Allereie på dag to av sykkelturen Norge på langs var Astrid Bjørdal uheldig. Ho ramla og braut eit bein i det eine handleddet.

Ørstingar: Elisa og Astrid Bjørdal, dotter og mor, starta sist fredag på sykkelturen Nordkapp-Lindesnes. (Arkivbilde)   Foto: Terje Engås

Nyheter

– No har eg vore på sjukehuset i Tromsø der eg fekk lagt på gips. Men vi er innstilte på å sykle vidare, seier Astrid Bjørdal til Sunnmørsposten måndag ettermiddag.