Jordbæra er raude og plukkarane er på plass

Stanislaw frå Polen er her for 27. gong. Li Jin Yi frå Kina debuterer som jordbærplukkar i Valldal.

I gang: Denne veka starta jordbærbonde Jan Ole Fuglem i Valldal innhaustinga av raude bær.   Foto: Terje Engås

Nyheter

– Eg kom hit til Valldal allereie 10. april for å førebu sesongen. Dette er hardt arbeid, men eg likar det. Og så er det ikkje så varmt her som heime, seier Stanislaw Jan (59). Han er tidlegare lærar, og kjem frå dei sørlege delane av Polen.