Tilsett som ny kommunedirektør

Tysdag bestemte kommunestyret i Giske kven som skal bli kommunen sin nye toppleiar.

Ny toppleiar: Tysdag bestemte kommunestyret i Giske at Dag Olav Tennfjord blir ny kommunedirektør i kommunen.  Foto: Morten Hjertø (arkiv)

Nyheter

Den 58 år gamle Høgre-politikaren frå Skodje har 21 års yrkeserfaring frå privat næringsliv i leiande posisjonar. Frå 2015 til 2019 var han ordførar i Skodje kommune. No gler Tennfjord seg stort til å ta fatt på si nye stilling som kommunedirektør.