Tre rutinerte personar startar meklingfirma

(Fra Venstre): Tommy Sylte, Thomas Lundberg og Cecilie Langva har samans starta Eigedomsmeklingsfirmaet Legal Eigedomsmekling i Ørsta.   Foto: Legal Eigedomsmekling

Nyheter

Legal Eigedomsmekling er eit nytt firma, starta opp av Tommy Sylte, Thomas Lundberg og Cecilie Langva. Dei eig ein tredjedel av selskapet kvar. Eigedomsmeklingfirmaet har hovudkontor i Ørsta, men tek sikte på å opprette kontor også i Ulsteinvik om kort tid. Sylte fortel at målgruppa deira er heile Sunnmøre og Nordfjord. Dei vil også ta på seg oppdrag andre plassar, som ved for eksempel sal av fritidsbustadar på Bjorli eller i Stryn, seier Sylte.