Klar melding til landbruksministeren:

– Vi kan ikkje leve av idealisme åleine

– Det er dette vi vil drive med, men vi treng betre rammevilkår. Idealisme og pågangsmot går det ikkje an å leve av.

Nydyrking: Desse trea vart planta i vår, og Kristine Skarbø tok med seg landbruksminister Olaug Bollestad ned i lia mot Storfjorden for å vise fram det som etter kvart skal bli ekte sunnmørssider.   Foto: Hilde Hovik

Nyheter

Det seier Kristine Skarbø og mannen Carlos Ruiz Rabelo som tysdag hadde storfint besøk på Skarbø gard «inne i bygda» i Stranda kommune. Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) driv valkamp i Møre og Romsdal, og garden i lia med utsyn over Storfjorden var det reinaste prospektkortet då ho køyrde inn på tunet saman med Harry Valderhaug som er partiet sin førstekandidat i Møre og Romsdal. Men det er ikkje berre idyll å prøve og leve av ein mellomstor gard på Sunnmøre, og Kristine og Carlos nytta høvet til å peike på kva dei meiner ministeren og regjeringa hennar bør gjere.