Meiner at identiteten til Fjellsætra blir øydelagt:

– Ved skitrekket er ein stor og stygg «favela»

Hytteeigar meiner at hyttebygginga på Fjellsætra ikkje tek omsyn til fjellmiljøet. Dette er ordføraren ikkje einig i.

Illustrasjonsbilde: Hytteeigar kritiserer bygginga av store og høge hytter på Fjellsætra.   Foto: Kristin Knudsen

Nyheter

Gro Drotninghaug bur i Oslo, men har røter i Sykkylven, og ferierer ofte på hytta hennar i området Drotninghaugstølen på Fjellsætra. Ho meiner dagens hyttebygging på Fjellsætra øydelegg miljøet, identiteten og naturen i området.