Køyrte framfor ferje med unge på slep

Ferjepassasjer vart frustrert og bekymra då ho såg ein fritidsbåt krysse framfor ferja. Samtidig som ferjemannskapet varsla med tyfonvarsling fekk ho tatt fram kamera.
Nyheter

Laurdag tok Linda Eidem ferja mellom Festøya og Solavågen då ein fritidsbåt begynte å nærme seg sjøvegen til ferja, med eit flyteobjekt på slep. I flyteobjektet, som antakeleg var ei «tube», sat eit barn, seier Eidem. Ho trur at barnet ikkje hadde redningsvest, men dette kan ho ikkje fastslå med sikkerheit.