Sykkylven:

To personar funne omkomne på beiteområde – politiet etterforskar saka

To menn blei søndag funne omkomne i eit beiteområde i Sykkylven. Politiet er rimeleg sikre på at oksane i beitet har vore involvert i dødsfalla.

Orienterte: Politiet og Sykkylven kommune heldt pressekonferanse måndag ettermiddag. Til venstre ordførar Odd Jostein Drotninghaug og til høgre Tony Gjerde, seksjonsleiar ved Sykkylven lensmannskontor.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

På ein pressekonferanse måndag ettermiddag opplyser politiet at det var Odd Kåre Fet (78) og Ole Andre Ramstad Fet (52) som omkom i det som blir karakterisert som ei tragisk ulukke. Dei to er far og son, busette i Sykkylven.

– Dei to skulle av garde for å flytte oksar som var på beite. Noko har sannsynlegvis skjedd som gjorde at dyra gjorde utfall på ein slik måte at dei to døde, opplyste Tony Gjerde i politiet på pressekonferansen.

Ingen vitne

Han la til at politiet karakteriserer hendinga som ei tragisk ulukke. Til Sunnmørsposten seier han at dei ikkje har andre teoriar om kva som kan ha skjedd, anna enn at oksane har forårsaka dødsfalla.

– Vi er sikre på at oksane har vore involvert, seier Gjerde under pressemøtet.

Der var ingen vitne til hendinga, og politiet har dermed ingen detaljar om hendingsforløpet. Kva som skjer vidare med oksane er ikkje bestemt enno.

– Det er ei vurdering som vert gjort akkurat no. Det er mellom eigaren, Mattilsynet og Politiet, seier Gjerde.

Velledalen: Oversiktsbilde fra Velledalen, der to personar søndag blei funne døde. Politiet mistenkjer at dei har blitt drepne av okser.   Foto: Christine Fohlin Verneland, Nyss

Politiet var på staden søndag kveld og gjorde undersøkingar då dei fekk melding om ulukka. Politiet fekk melding rundt klokka 22.30 søndag kveld.

Dei pårørande har bedt om ro. Dette omfattar også unødig trafikk i området der hendinga var, opplyser politiet.

Måndag vert det open kyrkje i Sykkylven frå klokka 19 til 21. Der vil vere representantar frå både kyrkja og kommunen.

Tek vare på dei pårørande

Sykkylven kommune er involvert med sitt hjelpeapparat.

– Dei pårørande blir tatt vare på av omsorgsberedskapen i Sykkylven kommune. Vi involverer dei som trengst, seier ordførar i Sykkylven, Odd Jostein Drotninghaug til Sunnmørsposten.

– Kommunens beredskapsteam har stått på sidan søndag kveld, heile natta og utover dagen i dag, legg han til.

Han kjente dei to omkomne, og kallar saka for ei tragisk hending.

Ordførar i Sykkylven: Odd Jostein Drotninghaug.  Foto: Staale Wattø

Han har ikkje møtt så mange i dag, måndag, men veit at mange i bygda har fått med seg kva som har skjedd.

– Det er klart at når det kjem helikopter, sjukebil og politi på ein så liten plass så er det mange som har fått det med seg, legg han til.

Bondelagsleiar i Sykkylven, Peder Vik Stave, seier til Sunnmørsposten at dei vil tilby hjelp til dei pårørande.

– Vi kjem til å tilby hjelp rundt det praktiske ved gardsdrifta. Vi stiller sjølvsagt opp om det trengst, seier han.