- Oksane er avliva

Tony Gjerde, seksjonsleiar ved Sykkylven lensmannskontor.   Foto: Staale Wattø

Nyheter

Søndag døydde far og son Odd Kåre Fet (78) og Ole Andre Ramstad Fet (52) då dei skulle flytte oksar på beite i Sykkylven. Politiet mistenker at det er dyra som har tatt livet av dei to, men driv framleis med etterforsking.

Oksane skulle til slakt i haust, men er no avliva, fortel Tony Gjerde seksjonsleiar i politiet.

– Oksane vart avliva og henta ut måndag, seier han.

Tysdag har politiet krimteknikarar på staden der ulukka skal ha skjedd.

– Vi ønsker å danne oss et mest mogleg detaljert bilde over kva som har hendt, seier Gjerde til Sunnmørsposten.


Sykkylven:

To personar funne omkomne på beiteområde – politiet etterforskar saka

To menn blei søndag funne omkomne i eit beiteområde i Sykkylven. Politiet er rimeleg sikre på at oksane i beitet har vore involvert i dødsfalla.



– Alle i bygda visste kven dei var. Det er ikkje til å tru at noko slikt kunne skje

Atle Hole kjente både Odd Kåre og Ole André Fet. At dei no er borte pregar heile bygda, meiner han.