Tidlegare ordførar Petter Lyshol er død

- Det var ei sjokkmelding vi fekk i helga, at Petter Lyshol brått og uventa hadde gått bort. Det seier ordførar Odd Jostein Drotninghaug i Sykkylven.

Ex-ordførar: Petter Lyshol var ordførar i Sykkylven frå 2011 til 2015.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Petter Lyshol vart 71 år gamal.

Han var ordførar i Sykkylven kommune frå 2011 til 2015. Både før og etter denne perioden sat han i kommunestyret, der han representerte Høgre.

– Stort pågangsmot

– Lyshol var ein respektert politikar med stort pågangsmot, som stod på for dei sakene han ville ha igjennom. Mellom anna var han leiar for arbeidet med å få bygd kunstgrasbane, seier Drotninghaug.

– Mange kjente han nok også frå fotballen, legg Drotninghaug til.

Aktiv innan fotball

Peter Lyshol var nemleg fotballdommar i mange år, og ikkje minst var han leier av Sunnmøre Fotballkrets.

Lyshol var no pensjonist, men tidlegare var han i fleire år tilsett som salssjef i emballasjebedrifta West Pack AS i Ålesund.

Olav Harald Ulstein var varaordførar frå Frp, då Lyshol sat som ordførar. Ulstein karakteriserer Lyshol som handlekraftig, raus og inkluderande.

– Eit forferdeleg sjokk

– Eg har kjent Petter i mange år, så meldinga om at han var død og ikkje er blant oss meir kom som eit forferdeleg sjokk. Det er berre nokre dagar sidan eg prata med han.

Ulstein seier at Petter Lyshol var ein person som lett kom i kontakt med folk, og som hadde eit stort kontaktnett.

– Petter hadde rett og slett ei eiga evne til å bli kjent med folk, seier Olav Harald Ulstein.