Makrellbåtar i kø for å levere: – Vi har hatt fullt køyr sidan starten av august

Båtane låg i kø for å levere makrell ved Maaløy Seafood onsdag. Dagleg leiar Roger Skavøypoll seier det er vanskeleg å vite kor lenge aktiviteten held seg oppe, og at det er nokre skjær i sjøen, som tilgang på emballasje.

Roger Skavøypoll, dagleg leiar ved Maaloy Seafood, ser på makrellen som kjem inn frå Slaatterøy.  Foto: KJELLRUN ÅSEBØ

Nyheter

(Fjordenes Tidene): – Vi har hatt fullt køyr sidan starten av august. Båtane har levert frå 100 til 350 tonn. Det er veldig uvant for oss. Fiskeriet i fjor var vel ikkje i gang før om lag 20. september, og no er det langt over halvvegs allereie, fortel Skavøypoll.